Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Samferdselens dilemma: Miljøutsleppa går ned, biltrafikken aukar

Kontaktpersonar

Gry Halvorsen Gry Halvorsen
Rådgivar
71 28 02 65 /
Mob. 404 68 389
Send e-post

Samferdselens dilemma: Miljøutsleppa går ned, biltrafikken aukar

Fylkesstatistikk for Møre og Romsdal 2018 byr på fleire dilemma: Klimagassutsleppa går ned, og fleire køyrer elbil og buss. Samstundes aukar personbiltrafikken, og sykketala skuffar. Korleis heng dette i hop – og korleis greier vi å nå viktige klima- og miljømål?

I følge fylkesstatistikken, aukar biltrafikken, medan miljøutsleppa går ned. Korleis ligg det an med klimamåla? (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

I fylkesstatistikken for 2018 finn vi fleire positive utviklingstrekk for samferdsel:

Klimagassutsleppa gjekk ned med 1,7 prosent i 2017 samanlikna med året før. Samtidig aukar talet på hybrid- og elbilar, i Møre og Romsdal frå 1,8 til 2,3 prosent av bilparken frå 2016 til 2017. På landsbasis er talet 5,1 prosent i 2017. Klimagassutsleppa har likevel auka med 2,4 prosent sidan 1990. I følge SSB er redusert forbruk av fossile brensel i vegtrafikken hovudårsaka til nedgangen. Det har vore ein nedgang til tross for auka køyrelengde og tal registrerte køyretøy. Det er bruk av innblanda biodrivstoff, men og auke i talet på hybrid- og elbilar som forklarer nedgangen.

Passasjertala på buss aukar, og i perioden 2013 til 2017 ser vi ein klar vekst på 9,4 prosent. Det vart i 2017 frakta litt under 8,5 mill. passasjerar på buss i Møre og Romsdal, mot i overkant av 7,7 mill. i 2013. Den største auken ser vi frå 2016 til 2017. Størst vekst hadde bussruta frå Hessa via Ålesund sentrum til Magerholm, med heile 11 prosent frå 2013 til 2017.

Fylkesstatistikken for 2018 viser og ein del problematiske utviklingstrekk innanfor samferdsel:

Trafikken aukar, og den samla køyrelengda går opp. Køyrelengda for personbilar i landet totalt auka med om lag 4 prosent frå 2013 til 2017. På tellepunktet E136 i Volsdalen i Ålesund, har det til dømes vore ein auke i årsdøgntrafikken (ÅDT) på 5 prosent frå 2010 til 2017. Gjennom dei sparsame tala vi har for sykkel frå 2013 til 2017 ser vi at det er få som syklar, tala varierer mykje, og viser ikkje noko mønster som tilseier auke over tid. Til dømes var sommardøgntrafikken (SDT) for tellepunktet Tøndergård i Molde 123 i 2013, men hadde gått ned til 85 i 2017.

Både nasjonalt og internasjonalt er det sett ei rekke mål der transportutviklinga er nøklar til å nå måla. Eit døme er Paris-avtalen sitt 2 graders-mål for den globale gjennomsnittstemperaturen, eller helst ikkje meir enn 1,5 grader. I Norge er det mål om at alle nye bilar innan 2025 skal vere elbilar. Staten legg føringar på at vi skal planlegge slik at transportbehovet minimerast, og attraktivt areal blir nytta effektivt og til fellesskapet sitt beste. Gjeldande Nasjonal Transportplan seier at veksten i persontransporten skal skje med kollektiv, gange og sykkel i dei 9 største byane, det såkalla nullvekstmålet. Det ser ut til at liknande krav også vil bli sett til mellomstore byar. Dei tre største byane i Møre og Romsdal har alle vedteke nullvekstmålet.

Då må vi spørje: Går utviklinga vi ser i statistikken i riktig retning, går det fort nok, og er måla i konflikt med kvarandre?

FN sitt klimapanel la måndag 8. september fram ein statusrapport for oppfølging av Paris-avtalen. Der kjem det fram at dei globale klimagassutsleppa må ned med om lag 45-50 prosent innan 2030 samanlikna med 2010 dersom måla skal oppfyllast.  Statistikken viser derfor at utviklinga ikkje i stor nok grad og i tilstrekkeleg tempo bevegar seg mot målet.   

Passasjertala på buss aukar noko, og auken er størst der det bur mest folk. Men veks passasjertala nok til å nå måla? I rapporten «Framtidige kollektivkonsepter i Ålesund» frå juni 2018, er slike spørsmål vurdert. Passasjertala i Ålesund må aukast med heile 185 prosent innan 2030 dersom nullvekst- målet skal oppfyllast. Då er ikkje ein gong veksten på 11 prosent på den tyngste ruta i Ålesund nok, men det er ein god start som må forsterkast. I tillegg er understøttande tiltak, og spesielt restriksjonar på bilbruk heilt avgjerande.  

Det største dilemmaet finn vi likevel knytt til elbil. Overgangen til utslippsfrie og lite støyande elbilar skyt fart, og er i seg sjølv svært positivt. Føresetnaden er sjølvsagt at elbilen erstattar ein konvensjonell bil, og at det ikkje fører til meir bilkjøring. Men kva seier statistikken her?  Ei spørje-undersøking frå Transportøkonomisk institutt (TØI) mellom 8000 bileigarar i 2016 viser at nær 80 prosent av elbileigarane eig to bilar. Elbileigarar brukar også elbilen meir for daglege reiser enn andre bileigarar, og i tillegg køyrer dei 2-4 prosent meir per år. Elbileigarane har og eit spesielt bilbasert reisemønster i følgje undersøkinga.

Overgangen til elbil er noko som dermed medverkar sterkt til å nå klimamåla, men som førebels dreg i motsett retning når det gjeld å oppnå mindre reising, og meir kollektivtransport, gange og sykkel.  Knytt til mål for arealbruk dreg også elbilovergangen i feil retning, fordi ein elbil tek like mykje areal på vegen som ein konvensjonell bil, og treng like stort areal til parkering.     

Kvar står vi då?

Nokre piler peiker oppover, andre ned. Og det gode må ikkje det bli det godes fiende. Ein ting er sikkert, utviklingstrekka vi ser, er ikkje nok til å nå verken klimamål, nullvekstmålet eller måla for arealbruken.