Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Servicenæringane i fylket hardt råka av oljeprisfallet

Kontaktpersonar

Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
71 28 02 45 /
Mob. 986 11 002
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post

Servicenæringane i fylket hardt råka av oljeprisfallet

I samband med revidering av fylkesplanen er det utarbeidd eit notat om sysselsetting og næringsutvikling i Møre og Romsdal. 

I notatet ser vi på utvikling i sysselsettinga frå 4. kvartal 2010 til 4. kvartal 2015. Ein konklusjon er at mykje av veksten fylket opplevde frå 2010 til 2014 forsvann i 2015.

Sekundærnæringane  hadde frå 2010 til 2014 ein vekst på om lag 2 200 sysselsette, frå 2014 til 2015 forsvann nær 1 900 sysselsette i næringa. I sørvisnæringane var tala enno verre, veksten frå 2010 til 2014 var på om lag 1 500 sysselsette, medan nedgangen frå 2014 til 2015 var på om lag 2 800 sysselsette. I sum var sysselsettinga i 2015 berre 0,7 prosent høgare enn kva den var i 2010.   

Andre tema i notatet er analyse av kva type næringar som er særleg råka, utviklinga i sysselsetting i kommunane og arbeidsløysetala pr mai 2016.