Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Sikring av friluftslivområde – søknader for 2015

Sikring av friluftslivområde – søknader for 2015

Søknader om statlege midlar til sikring av friluftslivområde kan sendast fylkeskommunen fram til 1. februar 2015, med moglegheit for forlenga frist fram til 15. februar. Søknader skal sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Friluftsområde

Rundskriv om tilskotsordningar for m.a. friluftslivområde vart kunngjort like før jul, og kommunar og friluftsråd kan no sende søknader om sikring av friluftslivområde (Kap. 1420, post 30). Søknader skal som tidlegare år sendast fylkeskommunen via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Søknadsfrist er 1. februar 2015, men vi vil opne for å ta i mot søknader fram til 15. februar. Det elektroniske søknadssenteret vil vere ope for innsending i heile perioden. Søknadene vil bli behandla av Fylkesutvalet i Møre og Romsdal, som sender ei tilråding til Miljødirektoratet. Direktoratet avgjer så utfallet av søknadene innan 1. juli 2015.

Av klima- og miljødepartementet sitt rundskriv går det fram at område i nærleiken av bustadområde og allment tilgjengeleg grøntstruktur i og ved byar og tettstader vil bli prioriterte, saman med landfaste område i kystsona og sentrale område ved innlandsvassdrag. Søknader som er knytt til ein kommunal planprosess vil dessutan bli prioritert. 

I perioden 2011-2013 ga Miljødirektoratet tilsegn på over 5,5 mill. kroner til sikring av friluftslivområde i Møre og Romsdal. Dei aller fleste søknader fekk tilslag på sikringsmidlar. I 2014 hadde vi av ulike årsaker ingen søknader til behandling, og vi håpar difor at kommunar og friluftsråd får fram nokre gode søknader i Friluftslivets år 2015!