Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Sikring av friluftslivområde – søknader for 2017

Kontaktpersonar

Anders Røynstrand Anders Røynstrand
Rådgivar
71 28 02 39 /
Mob. 474 19 997
Send e-post

Sikring av friluftslivområde – søknader for 2017

Søknader om statlege midlar til sikring av friluftslivområde i 2017 kan sendast fylkeskommunen fram til 1. februar 2017. Alle søknader skal formelt sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Foto: Håhjem friluftsområde

Kommunar og interkommunale friluftsråd kan sende søknader om sikring av friluftslivområde (Kap. 1420 post 30), jf. rundskriv T-1/16 Tilskotsordningar for 2017. 

Søknader skal sendast fylkeskommunen via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. I søknadssenteret ligg ei oversiktleg rettleiing til utfylling av søknadsskjema. 

Den formelle søknadsfristen er 15.1.2017, men fylkeskommunen vil ta imot søknader fram til 1. februar 2017. Det elektroniske søknadssenteret vil vere ope for innsending i heile perioden. Søknadene vil bli lagt fram for Fylkesutvalet i Møre og Romsdal, som skal gi ei tilråding til Miljødirektoratet. Direktoratet skal så behandle søknadene og gi melding til søkjarar om utfallet av søknadene innan 1. juli 2017. 

Dei siste åra har Miljødirektoratet årleg gitt samla tilsegn på millionbeløp til sikring av friluftslivområde i fylket vårt, og dei aller fleste som har søkt har fått sikringsmidlar. Fleire område har også fått betydelege midlar til nødvendig tilrettelegging, t.d. opparbeiding av parkeringsplass, turveg, skilting/informasjon e.l.

Av rundskrivet om tilskotsordningar går det fram at område i nærleiken av bustadområde og allment tilgjengeleg grøntstruktur i og ved byar og tettstader vil bli prioriterte, saman med landfaste område i kystsona og sentrale område ved innlandsvassdrag. Søknader som er handsama i ein kommunal planprosess vil bli prioritert. Det er ein fordel om det ligg føre avtalar med grunneigar(ar) om bruksrett eller grunnkjøp, men ein kan også søkje om sikring i forkant av forhandlingar. 

Ta gjerne kontakt med rådgivar Anders Røynstrand dersom de har spørsmål om sikringsordninga eller konkrete område som er aktuelle for sikring.