Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > –Slik skal vi skape innhaldet i Campus

Kontaktpersonar

Roland Mauseth Roland Mauseth
Prosjektleiar
91 72 14 01 /
Mob. 917 21 401
Send e-post
Oddny Wiggen
Rådgivar
71 28 02 38 /
Mob. +4790664446
Send e-post

–Slik skal vi skape innhaldet i Campus

Kva skal Campus Kristiansund bli best på i Noreg, kva for faglege moglegheiter har vi? Dette var tema på Campuskonferansen 2018, som samla over 100 deltakarar som fekk høyre statusen for eit av dei viktigaste samfunnsprosjekta på Nordmøre.

Om lag 120 personar deltok på Campuskonferansen 2018

Utviklinga av campus på Devoldholmen var det andre hovudtemaet, som ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard var opptatt av.  -Campus er det viktigaste eg har arbeidd med som politikar, sa Nergaard. Neergaard peika på Campus ikkje berre er viktig som utdanningstilbod, men at det vil føre med seg mykje meir, ikkje minst når det gjeld byutvikling.

-Alle er ein viktig del av laget, og må forstå at dei er ein del av dette laget

- Ein av faktorane som vil avgjere om Campus Kristiansund lykkast, er kva evne vi har til å etterspørje kunnskap, i privat og offentleg sektor, sa prosjektleiar for Campus Kristiansund, Roland Mauseth.
- Dersom vi vet kva vi vil og kva vi treng hjelp til, kjem det forskarar, det kjem prosjekt, og etter kvart kjem det nye kunnskapsmiljø, som gir grunnlaget for framtidige utdanningar. Da kan Campus Kristiansund bli den arenaen der forskarar finn spanande problem, og arbeidslivet har god tilgjenge til den kompetansen dei ønsker, meinte prosjektleiaren.

Rektor ved Høgskolen i Molde, Steinar Kristoffersen, snakka om utvikling av Høgskolen i Molde og kva for moglegheiter det er for studietilbodet i Kristiansund.  –Vi er positive til å bidra til at Campus Kristiansund kjem på plass. Men dette er ein dugnad. Skal vi lykkast må volumet opp, både når det gjeld talet på studentar og kor mange som blir uteksaminert, sa Kristoffersen.

Dialogen med næringslivet er avgjerande

Heidi Haavardsen, dekan ved avdeling for helse- og sosialfag ved Høgskolen i Molde, Molde presenterte doktorgradsprogrammet og eksempel på forskingsprosjekt  ved HiMolde. Agnes Gundersen, konserndirektør i Møreforsking AS, fortalte om positive erfaringar frå campus i Ålesund og biomarin satsing på Nordmøre. –Campus Kristiansund må bli relevant, og det blir den gjennom at behova blir definert av næringslivet sjølv, sa Gundersen.  

Konferansen hadde også to ulike paneldiskusjonar, med ulike tema. Det første var om biomarine moglegheiter på Nordmøre, der Rebekka Varne frå Møre og Romsdal fylkeskommune var panelleiar. I panelet deltok Agnes Gundersen, Synnøve Helland, leder for Nofima Sunndalsøra, Turid Strøm, dagleg leder ved NORSØK, og Bente Jeanette Foss, CTO ved GC Rieber Oils.

Den andre paneldiskusjonen handla om forventningar til eit felles miljø og korleis vil vi bruke Campus Kristiansund. Her deltok Odd Einar Folland, adm. dir Sparebank1 Nordvest, Hilde Roald, produksjonsdirektør i Skretting og Asgeir Bahre Hansen, dagleg leiar i Vindel. Og signalet under debatten var at fleire aktørar no er i ferd med å tenke ut konkrete løysingar for vekstmiljøet i Campus Kristiansund.

Programmet for konferansen finn du her

   

Bildeglimt frå konferansen:

Bilde av Roland Mauseth under Campuskonferansen 2018

Hav og helse . moglegheiter på Campus ved prosjektleiar Roland Mauseth

Bilde av ordførar Kjell Neergaard som ønskar velkommen til Kristiansund under Campuskonferansen 2018

Ordførar Kjell Neergaard ønskar velkommen til Kristiansund

   
Bilde av Roll up Campus Kristiansund

Campus Kristiansund er planlagt ferdigstilt i 2022

Bilde av Agnes Gundersen på Campuskonferansen 2018

Agnes Gundersen frå Møreforsking AS snakka om biomarin satsing på Nordmøre

   
Bilde av Rektor ved Høgskolen i Molde, Steinar Kristoffersen under Campuskonferansen 2018

Rektor ved Høgskolen i Molde, Steinar Kristoffersen, snakka om moglegheiter i Kristiansund

Bilde frå paneldiskusjon under Campuskonferansen 2018

Paneldiskusjon - biomarine moglegheiter på Nordmøre

   
Bilde av paneldebatt om forventningar til eit felles miljø

Paneldiskusjon- Forventningar til eit felles miljø. Korleis vil vi bruke Campus Kristiansund?

Bilde frå innlegg om fagskolen i Kristiansund under Campuskonferansen 2018

Rune Solenes Opstad, ass. fylkesutdanningssjef og Lasse Kristiansen, rådgivar regional- og næringsavd fortalte om satsinga på fagskole på Nordmøre