Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Stadig lågare folketalsutvikling i fylket

Kontaktpersonar

Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
71 28 02 45 /
Mob. 986 11 002
Send e-post

Stadig lågare folketalsutvikling i fylket

I dag publiserte Statistisk sentralbyrå (SSB) nye befolkningstal med endringane i 2017 og tala per 1. januar 2018. På landsbasis var folketalsveksten i 2017 på 0,7 prosent, den lågaste sida 2005. I Møre og Romsdal var den på 0,2 prosent. Dette er den svakaste sidan 2007. 

Ålesund og omlandskommunane har den sterkaste veksten i folketal i 2017. 
Foto: Elin Johanson Lyngstad, Møre og Romsdal fylkeskommune

-Tala kjem ikkje overraskande på oss, då alle kvartalstala i fjor viste ei svakare utvikling enn tidlegare, og langt lågare enn kva befolkningsframskrivingane til SSB viser, seier Trygve Grydeland, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Færre innvandrarar
I 2017 var nettoinnvandringa til fylket på det lågaste nivået på 10 år. Det er no langt færre som innvandrar til fylket samstundes som talet utvandrarar også har auka. Rekordåret for innvandring til fylket var 2012. Da var nettoinnvandringa på 3096 personar. I 2017 var den 1191 personar. Dette er ein nedgang på om lag 60 prosent. Den største endringa er i talet på utvandrarar. Dette har auka med 62,5 prosent, medan innvandring har gått ned med 35,5 prosent. 

Stor flyttetap
Innanlandsk flytting gir Møre og Romsdal eit årleg flyttetap på om lag 900 personar i perioden 2005 til 2017. Det innalandske flyttetapet var høgast i starten og slutten av den tidsperioden, og i 2017 var det i alt  1079 fleire utflyttingar enn innflyttingar til Møre og Romsdal. Det som kjenneteiknar utflyttarane er at dei er dei er unge vaksne i aldersgruppa 20-29 år, og eit fleirtal av dei har innvandrarbakgrunn.

Mindre vekstkraft?
Folketalsutviklinga i kommunane i fylket tyder på at byane har mindre vekstkraft no enn tidligare, samstundes som det er fleire av dei mindre kommunane som har ein relativt god folketalsutvikling. Ålesund og omlandskommunane har det sterkaste veksten, og sjølv om veksten i  Ålesund var den svakaste for kommunen sida 2006, utgjer den framleis over 50 prosent av den samla veksten i fylket. Sula og Giske hadde den sterkaste relative veksten i 2017 med 1,4 prosent. Molde hadde ei folketalsutvikling som var litt betre enn fylket sett under eitt, med ein vekst på 0,3 prosent, medan Kristiansund hadde ei negativ folketalsutvikling på -0,6 prosent. Den negativ utviklinga i Kristiansund skuldast høgt innalandsk flyttetap, samstundes som nettoinnvandringa var låg og fødselsoverskotet var negativt med -2.

Møre og Romsdal har sida utvidinga av Schengen avtalen opplevd ei rekordsterk folketalsutvikling, sterkt drevet av arbeidsinnvandring frå Aust-Europa. Dei seinare åra har veksten vore noko svakare, og 2016 var det første året på lenge at det var fleire som innvandra til fylket grunna flukt enn arbeid. Dette heng saman med utfordringane næringslivet i fylket opplevde grunna oljeprisfallet samstundes som det var fleire som var på flukt, særlig grunna krigen i Syria.