Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Ung-undersøkinga Møre og Romsdal 2015

Dokument

Rapport Ung i Møre og Romsdal 2015
PDF-dokument - 823,99 kB

Ung-undersøkinga Møre og Romsdal 2015

På oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune har Møreforsking gjennomført spørjeundersøkinga «Ung i Møre og Romsdal» blant elevar ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal  april 2015

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal april 2015
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Undersøkinga er ei oppfølging av tilsvarande undersøkingar som vart gjennomført i 2007 og 2009. Totalt deltok 1 170 elevar i undersøkinga i februar 2015.

Undersøkinga tek opp fleire ulike tema som:

  • ungdomsdemokrati
  • ungdommane sin kjennskap til jobb- og utdanningsmoglegheiter i fylket
  • ungdommane sine framtidsplanar
  • ungdom si oppleving av trivsel i nærmiljø og skule
  • bruk av rusmidlar blant ungdom
  • kjennskap til Møre og Romsdal fylkeskommune sitt arbeid for ungdom
  • kjennskap til kommunereforma

Her følgjer nokre av hovudfunna frå undersøkinga:

Unge har liten kjennskap til dei formelle organa som er etablerte for å sikre deira involvering
Ungdomsråda som er etablerte i kommunane er generelt lite kjende blant elevane. Unge veit lite om kva ungdomsrådet i kommunen gjer og kva innverknad rådet har på politiske vedtak i kommunen. Om lag ein tredjedel av ungdommane seier at dei har høyrt om Ungdomspanelet eller Ungdommens fylkesting, men få kjenner til arbeidet som desse organa gjer. Arbeidet til elevråda ved skulane er også lite kjent, og elevråda er ikkje oppfatta å ha særleg innverknad på det som skjer på skulen. Elevråd verkar derimot å vere ein relativt brei arena for medverknad – heile 43 prosent av elevane har delteke i elevråd anten på ungdomsskulen eller på vidaregåande skule. 

Unge har fått betre kjennskap til jobbar og utdanningsmoglegheiter i Møre og Romsdal
I 2007 sa 33 prosent av ungdommane at dei kjente svært eller ganske godt til utdanningstilbodet i eiget fylke etter vidaregåande skule. I dag er det 55 prosent av ungdommane som seier det same. Dette er ein auke på heile 22 prosentpoeng. Kjennskapen til jobbmoglegheitene som finst i Møre og Romsdal har også auka. Gutar kjenner betre til jobbmoglegheitene i fylket enn jenter.

Om lag halvparten av dei unge meiner det er sannsynleg at dei bur i fylket om 10-15 år
Dette er ein liten nedgang samanlikna med kva ungdom i 2007 og 2009 så for seg om framtida. Fleire elevar enn tidlegare veit ikkje kor sannsynleg det er at dei bur i Møre og Romsdal om 10-15 år. Elevar som seier dei kjenner godt til jobbmoglegheitene i fylket svarar i større grad at det er svært sannsynleg at dei bur i Møre og Romsdal om 10-15 år, medan blant dei som kjenner moglegheitene dårleg, er det fleire som svarar at det er svært lite sannsynleg at dei bur i fylket på sikt. Dei som går på yrkesfag har meir tru på at dei bur i fylket om 10-15 år enn dei som går på studieførebuande/allmenne fag.

Dei fleste unge trivst i nærmiljø og på skulen, men ein del har plager knytte til psykisk helse
Ni av ti elevar trivst på skulen og i nærområdet der dei bur. Dei elevane som deltek i organiserte fritidsaktivitetar trivst betre enn dei som ikkje deltek i slike aktivitetar. Det er relativt mange som gir uttrykk for plager knytte til psykisk helse. Til dømes seier 25 prosent av elevane at dei har følt seg ulykkeleg, trist eller deprimert den siste veka og 20 prosent har følt seg einsam. Jenter rapporterer i sterkare grad om slike plager enn gutar.

Få ungdommar har god kjennskap til kommunereforma og få føler seg involvert i prosessen
Om lag halvparten av elevane seier dei kjenner svært dårleg eller ganske dårleg til kommunereforma. Ein av fem elevar opplever at eigen kommune ikkje i det heile tatt involverer ungdom i diskusjonar og prosessar rundt kommunereforma, medan berre 3 prosent opplever at eigen kommune involverer ungdom i stor grad.

 

Heile rapporten frå undersøkinga kan lastast ned frå menyen til høgre.