Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Utkast til Fylkesplan på høyring

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post
Oddny Wiggen
Rådgivar
71 28 02 38 /
Mob. 906 64 446
Send e-post

Dokument

Utkast til Fylkesplan på høyring

Fylkesutvalet vedtok 27. juni å legge Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020 til høyring og offentleg ettersyn.

Høyringsfrist er 1. oktober 2016.

I Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 har fylkestinget prioritert å ha ein overordna regional plan, Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020. Dette gir høve til å sjå utviklinga på ulike sektorar, forvaltningsnivå og kommunar under eitt, og bringe samen aktørar frå ei rekke ulike samfunnsområde.

Planen skal gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. Planen skal også medverke til godt samarbeid og samhandling i fylket.

Den regionale utviklinga er avhengig av at mange spelar på lag, og fylkeskommunen skal vere både ein tydeleg medspelar og lagleiar når det trengst. Det skal vi gjere ved å gi retning, stimulere, kvalifisere og samordne bruken av ressursane i dette flotte fylket. Fylkeskommunen har også rolla som talerør for interesser i Møre og Romsdal opp mot nasjonale myndigheiter. 

No ønskjer vi å høyre kva kommunar, regionale statsetatar, næringsliv, organisasjonar, forskings- og utdanningsinstitusjonar, kulturlivet og andre som har interesse for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal meiner om planen vår.

  • Korleis er dine/dykkar interesser/fagfelt teke i vare?
  • Er du einig i val av overordna prioriteringar?
  • Kva kan vere aktuelle samarbeidsprosjekt i fylket på desse områda?
  • Er du einig i val av hovudmål på dei tre innsatsområda?
  • Er du eining i val av gjennomgåande perspektiv?
  • Er oppbygginga av planen forståeleg?
  • Ha du andre innspel til innhald, prosess eller gjennomføring?

Dokument:
Høyringsutkast til Fylkesplan 2017-2020
Planomtale

Notat:
Innvandrarar og integrering i Møre og Romsdal 
status 1.januar 2016

Verknader av lågare aktivitet i petroleumsretta næringar
Status pr 1.1.2016

Det vil bli halde to opne høyringsmøte om revideringa av fylkesplanen.

8. september kl 12.00-15.00 på Scandic Parken hotel i Ålesund
9. september kl 12.00-15.00 på Thon Hotel i Kristiansund

Innspel på høyringsdokumentet kan leverast elektronisk via nettsida,
eller på epost til post@mrfylke.no
Høyringsuttalar kan også sendast pr post til Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde.

Merk gjerne høyringssvaret med "Høyring av Fylkesplan 2017-2020".

Høyringsfrist: 1. oktober 2016