Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Vellukka workshop for Møre og Romsdal si framtid

Kontaktpersonar

Gry Halvorsen Gry Halvorsen
Rådgivar
71 28 02 65 /
Mob. 404 68 389
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post

Dokument

RPS_A.GUNDERSEN
PDF-dokument - 1,12 MB
RPS_DYBO.SÆTRE
PDF-dokument - 1,39 MB
RPS_G.HALVORSEN
PDF-dokument - 1,67 MB
RPS_J.LILLÅS
PDF-dokument - 1,07 MB
RPS_K.SØRHEIM
PDF-dokument - 4,61 MB
RPS_O.H.HAUGEN
PDF-dokument - 1,28 MB
RPS_UNGDOMSPAN
PDF-dokument - 1,03 MB
RPS_G.WANGEN
PDF-dokument - 5,52 MB

Vellukka workshop for Møre og Romsdal si framtid

I samband med oppstart av det regionale planarbeidet for neste fylkestingsperiode, vart det arrangert ein workshop på Scandic Seilet hotell i Molde torsdag 14. mars. 

Målet for workshopen var å arbeide med utfordringar i Møre og Romsdal fram mot 2030.

Dette var den første av to workshopar. Neste workshop er torsdag 02. mai same stad.

Workshopen innleia med korte innlegg på ei rekke tema som skulle handsamast i gruppearbeidet på andre del av dagen. Det var og utarbeida korte fagnotat på tema det skulle arbeidast med. Tema for gruppearbeida var:

  • Samarbeid om å nå felles mål
  • Klimatilpassing
  • Kompetanse og utdanning
  • By- og tattstadutvikling
  • Kulturaktivitet- og kulturtilbod i by- og tettstad
  • Verdiskaping, innovasjon og teknologi
  • Mobilitet 

Det var 67 påmelde deltakarar frå kommunar, regional stat, forsking, utviklingsmiljø, frivilligheit, kulturinstitusjonar, næringslag, samt politikarar. Det vart arbeida godt i alle dei 7 gruppene som var i aksjon, og det er levert referat frå alle gruppearbeida. I tillegg er det opna for innspel på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Følgande dokument i samband med workshopen finn du ved å følgje linkane: 

I tillegg til tema det vart arbeidd med i grupper på workshopen 14. mars, skal det kastast lys over følgjande tema i kunnskapsgrunnlaget til Regional planstrategi:

  • Miljøvennleg liv og produksjon
  • Demografisk utvikling og sentralisering
  • Ulikheiter og utanforskap
  • Kultur, idrett og frivillig innsats
  • Demokrati og medverknad
  • Tannhelse

Dette er og tema vi gjerne vil ha innspel på.

Hugs også høyringsfrist 12. april på Planprogram for regional planstrategi og Fylkesplan 2020-2024. Planprogrammet finn du og ved å følgje linken til innspel i planarbeidet.