Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Vi skal gjere det som er best for barna

Kontaktpersonar

Mari Anne Bjørkmann Mari Anne Bjørkmann
Rådgivar
71 28 02 40
Send e-post

Vi skal gjere det som er best for barna

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit spesielt ansvar for å rettleie kommunane slik at dei varetek barn og unge sine interesser i planlegginga. 

Dette er heimla i plan- og bygningslova og dei rikspolitiske retningslinene for å styrke barn og unge sine interesser i planlegginga (rundskriv T2/08). 
Gjennom gjeldande Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal, og utkast til Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020, er barn og unge eit sentralt og viktig gjennomgåande perspektiv.

Fylkeskommunen vil i haust ha ekstra fokus på barn og unge og særleg ta tak i eige rettleiingsansvar for dei som har ansvar for barn og unge i planlegginga ute i kommunane. Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil vere sentral samarbeidspart i arbeidet.

35 av 36 kommunar har valt barnerepresentant

Kommunane, ved kommunestyret, har jamfør plan- og bygningslova § 3-3 sjølv ansvar for å etablere ei særskilt ordning for å vareta barn og unge sine interesser i planlegginga. Sjølve ordninga er ein del av Noreg sitt arbeid med å oppfylle plikta i barnekonvensjonen. Fleirtalet av kommunane i Møre og Romsdal har valt den tradisjonelle ordninga med å utnemne ein person til å vareta vervet, denne blir ofte kalla barnerepresentant. Dei resterande av kommunane har valt å legge oppgåva til sitt ungdomsråd/ungdommen sitt kommunestyre. I desse kommunane er koordinatoren for ungdomsrådet/-kommunestyret vår kontaktperson.

Nedslåande resultat frå eiga kartlegging

Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomførte hausten 2014 ei kartlegging blant dei som då var utpeikt som barnerepresentantar i kommunane. Resultata på enkelte område var nedslåande og har gitt oss eit godt grunnlag for kvar vi bør auke innsatsen. Vi ønsker no å bruke tilbakemeldingane i eit vidare arbeid.

I haust vil vi mellom anna arrangere og drifte nettverksamlingar for barnerepresentantane på tvers av fleire kommunar. Ønske er at nettverksamlingane kan vere eit forum der ein kan diskutere og utveksle erfaringar, samt vere ein arena for opplæring. Resultata frå kartlegginga viser at det spesielt er eit ønske om kompetanse i forhold til:

  • Mandat / rolleforventning
  • Plan- og bygningslova /rikspolitiske retningsliner
  • Planprosessar
  • Uttalerett
  • Demokrati og medverknadsmoglegheiter

Fylkeskommunen vil òg starte arbeidet med ei nettbasert handbok/faktabok for dei som har rolla som barnerepresentant i kommunane i Møre og Romsdal.  Innhaldet vil bygge på dei tilbakemeldingane vi fekk i kartlegginga nemnt over. Handboka vil vere nettbasert og slik sett enkel å oppdatere. I arbeidet med ei slik handbok/faktabok vil vi sette ned ei referansegruppe der representantar frå kommunane er med.