Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Prosjekt Campus Kristiansund

Prosjekt Campus Kristiansund

Campus Kristiansund (CKSU) skal bli ein felles arena for høgare utdanning, forsking og innovasjon på Nordmøre. CKSU skal stå ferdig i 2022 i sentrum av Kristiansund, med midlertidig etablering frå 2020.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskolen i Molde, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal Fylkeskommune. Desse aktørane eig Høgskolesenteret i Kristiansund, som vil bli erstatta av CKSU. Fylkeskommunen har prosjektansvaret.

CKSU vil innehalde høgskoletilbod, fagskole, vekstmiljø for næringslivet og forskingsmiljø. Les meir om idéen bak prosjektet her.

Status

  • April 2017: Første møte i styringsgruppa.
  • Mai 2017: Regjeringa, med støtte frå KrF og Venstre, løyvde 60 nye studieplassar øyremerka høgare utdanning i Kristiansund
  • Juni 2017: Campuskonferansen, med Kunnskapsminister Thorbjørn Røe som innleiar, markerte prosjektstart. På konferansen kunngjorde ministeren fire mill. kroner til nytt utstyr ved Fagskulen i Kristiansund.
  • Same veka vedtok styringsgruppa prosjektplan for CKSU.
  • August 2017: Nytt bachelorstudium i marin logistikk og økonomi, og årsstudium i velferdsteknologi starta ved Høgskolesenteret i Kristiansund. Begge tilboda er levert av Høgskolen i Molde, og fekk høge søkartal.

Hausten 2018 held ein fram med å utvikle konseptet for CKSU:

  • Utvikling av felles fagleg strategi – haust 2017 – vinter 2018
  • Kristiansund kommune startar arbeidet med å vurdere aktuelle tomter i sentrum
  • Forstudie til det vekstmiljøet som skal vere i Campus Kristiansund. Dette er eit samarbeid mellom Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Vindel, fylkeskommunen og CKSU-prosjektet.
  • Arbeid for å sikre fleire studieplassar til Kristiansund, mellom anna til Bachelor i havteknologi, levert av Høgskulen på Vestlandet.

Kontaktinformasjon:
Prosjektleiar Roland Mauseth, e-post roland.mauseth@mrfylke.no, mobil 917 21 401


Ytterligere 30 studieplasser til Kristiansund

- Det er svært gledelig at det nå kommer studieplasser til ingeniørutdanning i Kristiansund. Dette er et viktig tilbud, og mange aktører har arbeidet for å sikre finansiering av det, sier Roland Mauseth, prosjektleder for Campus Kristiansund. 

Les meir

Nye studieplassar støttar opp under Campus Kristiansund

Budsjettforslaget frå Regjeringa medfører 30 nye studieplassar til Høgskolen i Molde, øyremerka Kristiansund. Men framleis er det behov for studieplassar til Havteknologistudiet, og prosjektmidlar til Campus Kristiansund (CKSU), fortel campus-prosjektleiar Roland Mauseth.

Les meir

Statlege midlar til Campus Kristiansund

Styringsgruppa for Campus Kristiansund sender i dag ein uttale til Mørebenken der dei ber om at Stortinget følgjer opp den breie tverrpolitiske støtta til campusprosjektet, og sikrar at det vert løyvd midlar i Statsbudsjettet for 2018.

Les meir

Campus Kristiansund – eit lurt og klokt val

- Campus Kristiansund er smart og viktig, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, då han innleia Campuskonferansen onsdag 28. juni. Begeistringa var stor blant dei frammøtte for det ein no tenker å skape i Kristiansund.

Les meir

Presentasjonar frå Campuskonferansen 28 juni

Over 100 deltakarar frå politikk, næringsliv, forsking, utdanning og offentlig sektor var samla til oppstartskonferansen for prosjektet Campus Kristiansund. 

Les meir

Campus-konferansen – vegen mot Campus Kristiansund

Campus-konferansen 28. juni markerar at vi er i gong med Prosjekt Campus Kristiansund.  

Les meir

Vil vurdere å styrke studietilbodet i Kristiansund ytterlegare

Regjeringa vil vurdere å styrke Høgskolen i Molde med fleire studieplasser øyremerka Kristiansund, i komande budsjettprosessar. Det var svaret frå statsråden då Else May Botten (AP) stilte spørsmål i Stortinget om høgare utdanning i Kristiansund.

Les meir

Mørebenken møtte Campus Kristiansund

Ein delegasjon frå Møre og Romsdal var onsdag 3. mai invitert til Stortinget for å fortelje Mørebenken om dei spanande moglegheitene i Campus Kristiansund, og korleis politikarar best kan hjelpe til framover. 

Les meir

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. +4799628055
Send e-post
Roland Mauseth Roland Mauseth
Prosjektleiar
91 72 14 01 /
Mob. 917 21 401
Send e-post

Bakgrunn

Idéen bak prosjektet

Campus Kristiansund

Abonnere på nyheiter

Ønsker du å abonnere på nyheiter frå prosjekt Campus Kristiansund?

Skriv deg på lista her: