Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Regional planstrategi

Fylkeskommunane er i plan- og bygningslova (§7-1) pålagt å utabeide regional planstrategi (RPS) kvart fjerde år, og den skal vedtakast av fylkestinget i løpet av første året av valperioden. Dette er fylkeskommunen sitt overordna plandokument. Her gjer vi val som påverkar utviklinga i Møre og Romsdal. Dokumentet er styrande for prioriteringa av fylkeskommunen sine ressursar i økonomiplan og budsjetter og skal leggast til grunn for både statleg og kommunal planlegging i fylket.

Det er krav om brei medverking i utabeiding av regional planstrategi. Det skal skje i samarbeid med kommunar, statlege organ, organisasjonar og institusjonar som planarbeidet rører ved.


Statusrapport Regional planstrategi 2014

I sak U-4/15 vart fylkesutvalet orientert om status for Regional planstrategi.

Les meir

Regional planstrategi 2012-2016 – status 2013

I sak U-2/14 vart fylkesutvalet orientert om status i den regionale planlegginga. Den regionale planlegginga skal ligge til grunn for fylkeskommunal verksemd og vere retningsgivande for kommunal planlegging og statleg verksemd i fylket.

Les meir

Regional planstrategi 2012-2016 er godkjent

Miljødepartementet har etter delegert mynde godkjent Regional planstrategi 2012-2016 (T-7/12). Godkjenninga er gjort kjent for fylkeskommunen i brev datert 13. august 2013.

Les meir

Regional planstrategi 2012 - 2016

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i sak T-7/12 Regional planstrategi 2012-2016.

Les meir

Høyringsmøter Regional planstrategi

Det er halde to opne høyringsmøter vedkomande Regional planstrategi 2012-2016. Møta var lagt til Kristiansund 18. oktober og Ålesund 28. oktober. Om lag 60 personar deltok.

Les meir

Invitasjon til høyringsmøte Regional planstrategi 2012-2016

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til høyringsmøte på Regional planstrategi 2012-2016. Det er lagt opp til to møteplassar, Kristiansund 18. oktober og Ålesund 28. oktober med møtestart kl. 12:00.

Les meir

Regional planstrategi lagt ut til høyring

Fylkesutvalet vedtok 27.06.11, sak 100/11, med heimel i plan- og bygningslova sin § 7-2 å legge framlegg til Regional planstrategi 2012 – 2016 ut til høyring. Høyringsfristen er satt til 15. desember 2011.

Les meir

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. 996 28 055
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post
Gry Halvorsen Gry Halvorsen
Rådgivar
71 28 02 65 /
Mob. 404 68 389
Send e-post

Regional planstrategi

Planstrategien skal gi ei oversikt over dei største utfordringane og moglegheitene for fylket framover, kva som er fylkets langsiktige mål og kva planar fylkeskommunen skal ha for å møte desse.

Planstrategien skal innehalde ei oversikt over korleis dei prioriterte planoppgåvene skal følgjast opp og opplegget for medverking i planarbeidet.

Planstrategien skal også vise til dei nasjonale føringane som er gitt for den regionale planlegginga og korleis desse skal takast omsyn til i Møre og Romsdal.

Dokument

Regional planstrategi 2016-2020

Utviklingstrekk i Møre og Romsdal
Kunnskapsgrunnlag til Regional planstrategi 2016-2020

Høyringssvar til RPS 2016-2020

Oppfølging av høyringsinnspel 

Presentasjon for hovudutvala (våren 2015) ang evaluering av gjeldande regional planstrategi og innspel til ny

Politisk behandling

Vedtak Regional planstrategi,
sak T-6/16

RPS - høyring,
sak U-110/15

Oppstartsmelding
U-20/15