Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post

Dokument

FylkesROS Møre og Romsdal

Regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap er ein av planane vedtatt i Regional planstrategi 2012-2016. Den 15. juni gjorde fylkestinget vedtak om endring av status for FylkesROS Møre og Romsdal  (T-sak 31/15)

logo FylkesROS

«Regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap blir gjort om til ei fagmelding med tittel «FylkesROS Møre og Romsdal». ROS-analysen skal følgjast opp i sektorane sine handlingsprogram.»

I fylkesrådmannen sitt saksframlegg blir det vist til at fylkeskommunen si store breidde i ansvarsområde gjer det meir naturleg og meir rasjonelt at oppfølging av samfunnstryggleik og beredskap skjer sektorvis og ikkje gjennom ein felles plan.

Fylkes-ROS Møre og Romsdal vil uansett status i vårt plansystem vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for å sette samfunnstryggleik og beredskap på den politiske dagsordenen. Den vil gi oversyn over viktige risikoforhold i fylket og skildre sårbarheit ved ulike hendingar. Analysen tar for seg forhold og hendingar som kan gi konsekvensar på regionalt nivå.

FylkesROS-Møre og Romsdal vil også gi innspel til andre etatar og verksemder som skal utarbeide eigne ROS-analysar og beredskapsplanverk, og kan danne grunnlag for prioriteringar i komande regionale planar og handlingsprogram.

Fylkesmannen si justis- og beredskapsavdeling vil sende utkast til FylkesROS Møre og Romsdal på høyring hausten 2015.