Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. 996 28 055
Send e-post

Då damene drog – kampen om kompetansen.

I TV2-serien «Da damene dro» reiste alle damene i ei norsk bygd bort i 10 dagar og karane måtte klare seg aleine heime. I Møre og Romsdal er ikkje verkelegheita like fortetta, men kanskje meir dramatisk. Som eg skal vise i denne kronikken dreg ein del damer frå regionen, og dei kjem dessverre ikkje heim etter 10 dagar. Konsekvensen er tap av kompetanse.

Arbeidsinnvandring eller kvinneflukt?

I valkampen har det vore fokus på «kvinnemangelen» i fylket, dvs. den låge delen kvinner i befolkninga mellom 20 og 39 år. Stemmer dette, og kvifor er aldersgruppa 20-39 år så interessant?

I Møre og Romsdal er det i dag nesten 3 500 færre kvinner enn menn, eller litt under 90 kvinner pr. 100 menn, i denne aldersgruppa. Også på landsbasis er det færre kvinner enn menn i denne aldersgruppa, men her er det trass alt 95 kvinner pr. 100 menn. Kanskje like interessant er det at det i dag er nesten 2 000 færre kvinner i denne aldersgruppa i Møre og Romsdal enn det var for ein generasjon sidan (30 år), medan det på landsbasis er blitt over 60 000 fleire.  Mange meiner at årsaka til den låge kvinnedelen er arbeidsinnvandring. Det er rett at mennene har vore og er i fleirtal blant arbeidsinnvandrarane, men på langt nær i ei slik grad at dette åleine kan forklare kjønnsubalansen. Møre og Romsdal var i denne situasjonen lenge før arbeidsinnvandringa skaut fart for 7-8 år sidan. Arbeidsinnvandringa er ei delforklaring på kvifor delen kvinner er lågare no enn for 10 år sidan, men forklarer ikkje kvifor vi ligg lågare enn noko anna fylke i landet, det gjorde vi òg før arbeidsinnvandringa.

Attraktivitet og fødselstal

Aldersgruppa 20 til 39 år er interessant av fleire grunnar. Utviklinga i denne aldersgruppa er den som er vanskelegast å framskrive, eller spå utvikliga i om du vil. Årsaka er at det er i denne alderen vi i hovudsak flyttar på oss, i alle fall lengre enn innafor eigen kommune. Derfor seier utviklinga her noko om kor attraktive vi er som samfunn, kor mange vel å flytte frå, og kor mange vel å flytte til fylket. I Møre og Romsdal har regelen vore at litt fleire har flytta frå enn til, når vi held den store arbeidsinnvandringa dei seinare år utanfor. Denne tendensen har vore, og er, litt sterkare for kvinner enn for menn. Vi snakkar altså ikkje om ei «kvinneflukt», men at kvinner i litt større grad enn menn, flyttar ut, og at dei i litt mindre grad flyttar inn til fylket. Slik har det vore i mange, mange år, og er det framleis. At dei unge dreg ut for å ta høgare utdanning nyttast ofte som forklaring på utflytting, og vi ser ikkje noko problem i det, heller tvert om. Men dette er nok ikkje heile forklaringa – det er langt fleire som flyttar frå fylket enn som tek utdanning utafor fylket, så mange flyttar av andre årsaker.

Ei anna årsak til at (særleg) vi som held på med statistikk er opptatt av dei «unge» kvinnene er naturlegvis fødselstal. Talet på fødde går ned her i fylket, ikkje først og fremst fordi barnekulla er mindre, men fordi det er færre kvinner i «fødedyktig» alder. Sjølv om fødselsraten nesten ikkje har endra seg på ein generasjon,  er verknaden av 2 000 færre kvinner i denne aldersgruppa ikkje vanskeleg å tenkje seg til.

Utdanningsrevolusjonen

Det er brei semje om at vi treng høg kompetanse for å bygge framtidas nærings- og arbeidsliv. Vi treng ikkje berre høg formell kompetanse, men vi treng det òg. Dei unge kvinnene er i dag i fleirtal på forelesingar og i lesesalar på høgskular og universitet over heile landet. Dette gjeld etter kvart nesten alle fag og profesjonar, også det som har vore tradisjonelle mannsbastionar, som til dømes ingeniørfaga.

Ser vi på gruppa med lang høgare utdanning i fylket som eksempel, dvs. utdanning på fire år eller meir ved høgskule/universitet, ser vi utviklinga svært klårt. Menn dominerer i aldersgruppa 60 år og eldre, der delen med slik utdanning er over tre gonger så høg blant menn som blant kvinner. Dette speglar utdanningsbildet på 1970 – 80 talet i Noreg. I aldersgruppa 25-29 år ser vi derimot at det er 45 prosent fleire  kvinner enn menn med lang høgare utdanning i fylket. Dette speglar dagens utdanningsbilde.  I prosent er det ein langt større del kvinner med høgare utdanning enn menn, men den låge delen kvinner i befolkninga gjer at skilnaden i tal ikkje er like stor. Det same bildet ser vi over heile landet: det er kvinnene som leiar an i utdanningsrevolusjonen.

Kompetansetoget går no

Skal vi være med å konkurrere om dei best utdanna i framtida har vi ikkje råd å tape kampen om kvinnene. Vi har slett ikkje tapt denne kampen enno, men stiller vi med ei ulempe? Er ikkje vårt fylke like attraktiv blant kvinner som blant menn? Flyttestatistikken er summen av fleire tusen enkeltpersonar sine individuelle avgjerder om å flytte til eller frå fylket vårt. Kva element den enkelte legg vekt på når dei vel kvar dei etablerer seg er nok mange og ulike. Arbeidsmarknad og «urbanitet», natur og barnehagedekning er berre nokre av elementa forskarane viser til  når dei skal forklare dette. Korleis folk oppfattar fylket er nok òg viktig, framsnakkar vi fylket på ein slik måte at unge kvinner finn det attraktivt?

Samstundes kan det vere verdt å trekke fram at medan kvinnene no dominerer innan utdanning, så ligg Møre og Romsdal heilt i botn når det gjeld del av dei sysselsette med lang høgare utdanning. Berre 5,5 prosent av dei sysselsette i fylket har lang høgare utdanning. Skal vi opp på landgjennomsnittet på litt over 8 prosent treng vi nesten 3 500 fleire med slik utdanning.

Eg trur utviklinga i delen sysselsette med høgare utdanning og delen unge kvinner i fylket vil gå hand i hand.  Skal vi vinne kampen om den formelle kompetansen må vi vinne kampen om dei unge kvinnene – det er eit ansvar som kvilar på oss alle.

For meir tal og statistikk om samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal, sjå  www.mrfylke.no/fylkesstatistikk

 Kvinner pr. 100 menn i aldersgruppa 20 -39 år

  Møre og Romsdal Landet
1986 90,215 94,848
1987 90,461 94,879
1988 90,060 94,523
1989 89,752 94,436
1990 90,227 94,723
1991 90,264 94,973
1992 90,661 95,056
1993 90,921 95,188
1994 90,741 95,368
1995 90,740 95,636
1996 91,248 95,822
1997 90,761 95,968
1998 90,930 96,090
1999 91,311 96,161
2000 91,208 96,311
2001 91,085 96,206
2002 91,796 96,527
2003 92,371 96,842
2004 92,926 97,033
2005 93,469 97,333
2006 93,771 97,499
2007 93,378 97,283
2008 93,257 96,560
2009 92,387 96,155
2010 91,587 96,305
2011 91,251 96,219
2012 90,284 95,571
2013 89,941 95,081
2014 90,239 94,962
2015 89,822 94,670

 

Del personar med lang høgare utdanning etter alder og kjønn. Møre og Romsdal 2014

15 Møre og Romsdal   Menn Kvinner
  67 år eller eldre 4,8 0,7
  60-66 år 6,4 2,3
  50-59 år 5 3,8
  40-49 år 6,7 6,5
  30-39 år 9,9 11,5
  25-29 år 6,3 10,4
  20-24 år 0,5 0,9
  16-19 år 0 0