Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kor mange blir vi i Møre og Romsdal?

Statistisk sentralbyrå (SSB) forventar at Møre og Romsdal vil få meir enn 2 000 nye innbyggarar i snitt per år fram til 2030. Om dette slår til kan fylket passere 300 000 innbyggarar i år 2032, og vi vil i så fall kunne sjå tilbake på ein av dei sterkaste vekstperiodane sidan krigen. Kva ligg i desse prognosane og i kva grad er dei realistiske?

Anne-Merete Halpern kronikk

Annakvart år lagar SSB nye befolkningsprognosar. Den siste vart publisert i juni 2014. For kvar kommune og kvart fylke presenterer SSB ni ulike alternative utviklingsbanar, men dei har eitt hovudalternativ som dei meiner er det mest realistiske og som oftast blir brukt – det som gjerne kallast middelalternativet. Det alternativet skal vi sjå nærare på her.

 

Alle prognosar vil til ein viss grad basere seg på trendar som allereie er kjende, altså utviklingslinjer som ein ser per i dag og som ein kan trekkje fram i tid. I framskrivingane på fylkes- og kommunenivå legg SSB til grunn at regionale mønstre dei siste fem åra for fruktbarheit, flytting og dødelegheit vil helde fram. Dette gjer at framskrivingane stort sett reproduserer det mønsteret for vekst og nedgang som er observert. Med andre ord forventar SSB at dei kommunane i fylket som har hatt høg vekst dei siste åra, òg vil få høg vekst dei kommande åra. Og motsett for dei kommunane som har hatt låg vekst eller nedgang i folketalet.

 

Prognosane frå SSB tar ikkje omsyn til lokale planar om til dømes utbygging av nye, større bustadfelt, framtidig bygging av ny veg, tunnel eller bru, eller nedlegging eller oppstart av nye arbeidsplassar. Dei kan heller ikkje ta høgde for framtidige politiske vedtak som kan få konsekvensar for folketalsveksten. Til dømes klarte ikkje SSB å spå den store veksten i innvandring som kom som følgje av EU-utvidinga i 2004.

Men kva seier så prognosane om korleis utviklinga vil bli i Møre og Romsdal?

 

Fortsatt sterk vekst?

Møre og Romsdal har hatt ein kraftig vekst i folketalet dei seinaste åra. SSB legg opp til at vi i dei neste par åra vil få ein vekst på omtrent same høge nivå som vi har i dag, før veksten blir jamt svakare ettersom SSB forventar at innvandringa gradvis blir redusert. Det er svært usikkert korleis innvandringa vil utvikle seg, då den er avhengig av den økonomiske utviklinga framover. Dei siste folketalsoppdateringane frå SSB kan tyde på at utviklinga har snudd. Vi ser både frå årstala frå 2014 og dei siste kvartalstala frå inneverande år at innvandringstala minkar, og dermed blir folketalsveksten òg mindre enn kva prognosane har spådd.  Kanskje har SSB vore litt for optimistiske, kanskje kjem reduksjonen i innvandringa tidlegare enn dei trudde og kanskje vil det bli ein bråare stopp i veksten?

 

Det er for tidleg å trekkje ein konklusjon, men få andre fylke vil merke ein reduksjon i innvandringa betre enn vårt fylke. Møre og Romsdal er eit av dei fylka i landet med størst innvandring som ein del av folketalet, og det er vi avhengig av for å få ein sterk folketalsvekst. Dette blir talfesta i SSB sitt prognosealternativ utan nettoinnvandring, som viser at fylket i eit slikt scenario berre vil vekse med 2 prosent fram mot år 2030, i motsetning til 12 prosent i middelalternativet.   

 

Byane med omland tek det meste

I 2014 sto byane Ålesund, Molde og Kristiansund for 46 prosent av folketalsveksten i fylket. I perioden 2015 til 2030 ventar SSB at byane i fylket vil stå for 51 prosent av veksten. Om vi i tillegg tar med dei største pendlarkommunane til byane, vil veksten til saman utgjere 75 prosent av all vekst i fylket. Med andre ord legg SSB opp til at sentraliseringstrenden med auka vekst i sentrale kommunar vil halde fram. Det er ikkje ein unaturleg spådom med tanke på utviklinga dei seinaste åra, der befolkninga i Noreg bur stadig meir konsentrert.  

 

Vi blir fleire eldre

Ein annan klar trend i prognosane er at talet på eldre både i Møre og Romsdal og i landet elles, vil auke kraftig i tida framover. Fram mot år 2030 er det berekna at det vil bli nær 50 prosent fleire personar i pensjonsalder i fylket. Her er dei ulike prognosealternativa samstemte. Meir usikkert er det korleis utviklinga i dei yngre aldersgruppene blir. I dag er det rundt fire i yrkesaktiv alder per pensjonist i fylket. Hovudprognosen frå SSB viser at dette talet vil falle til 2,5 i år 2040. Om innvandringa derimot stoppar opp, vil forholdstalet gå ned endå meir til om lag 2. 

  

Ingen fasit, men nyttig for planlegging

Det finst naturleg nok ingen fasit for korleis folketalet vil utvikle seg i framtida. Prognosane representerer heller ikkje mål for utviklinga. Og jo lengre fram i tid ein spår, jo meir aukar usikkerheita.

 

Men befolkningsframskrivingane er eit nyttig verkty for både nasjonal, regional og lokal planlegging. Når ein skal i gong med å legge nye planar, kan ein ta utgangpunkt i prognosane, men òg bruke lokal kunnskap for å velje kva ein skal leggje til grunn. Om ein veit at det i kommunen skal byggjast ut store bustadfelt eller at kommunen snart blir tettare kopla til ein større arbeidsmarknad gjennom ein ny tunnel eller bru, kan ein kanskje tillate seg å vere meir optimistisk enn anslaga frå SSB.  Eller ein kan vere meir pessimistisk om ein veit om lokale høve som har gjer at dei siste fem års ualminneleg gode utvikling neppe vil fortsette. Kanskje har ein gode idear om verkemidlar som kan snu ein negativ trend?  Gjennom god planlegging er det mogleg å ta grep for å skape den utviklinga som er ønskt, i motsetnad til den som prognosane spår. 

Dette er ein kronikk i serien «Møre og Romsdal mot 2020» der fylkeskommunen tek opp tema som er aktuelle å ta med i planlegginga fram mot 2020. Har du meiningar om temaet, send gjerne innspel til www.mrfylke.no/innspel.