Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 28 03 04 /
Mob. 953 38 348
Send e-post

Korleis betre folkehelsa?

I Noreg er det brei politisk einigheit om dei overordna måla for folkehelsa. Kva er situasjonen i Møre og Romsdal, og kva bør ein gjere for å betre folkehelsa i fylket?

Sigri Spjelkavik

Dei overordna nasjonale måla i folkehelsepolitikken er:
- Noreg skal vere mellom dei tre landa i verda som har høgast levealder
- Befolkninga skal oppleve fleire leveår med god helse og trivsel og reduserte sosiale helseforskjellar
- Vi skal skape eit samfunn som fremjar helse i heile befolkninga
Dette er ambisiøse mål og jobben må bli gjort i alle sektorar i samfunnet. I 2012 fekk vi ei folkehelselov som skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse og jamnar ut dei sosiale forskjellane. Lova løftar fram fem grunnleggande prinsipp for folkehelsearbeidet; utjamning av sosiale helseforskjellar, «helse i alt vi gjer», berekraftig utvikling, føre-var og medverknad.  I Møre og Romsdal har fylkestinget vedteke ei eiga regional delplan for folkehelse.

Vi treng oversikt
Kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter har etter lova eit særskilt ansvar i folkehelsearbeidet. Eit av krava til kommunane og fylkeskommunane er at vi skal ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan påverke den. Denne oversikta skal ligge til grunn for både det langsiktige folkehelsearbeidet og for tiltak.  Dess betre oversikt vi har, dess betre føresetnader har vi for å legge eit grunnlag for eit meir målretta folkehelsearbeid – og å nå dei nasjonale måla. Fylkeskommunen publiserte ei oversikt i april; «Folkehelsa i Møre og Romsdal - ei oversikt». Mange kommunar har gjort, eller er i ferd med å gjere, det same for sin kommune.

Folkehelsa i Møre og Romsdal er generelt god. Forventa levealder ved fødsel aukar for begge kjønn, men tala for kommunane viser variasjon i levealder for både menn og kvinner på heile fem år.
Ser vi på forventa levealder i fylket etter fullført utdanningsnivå, viser den ein levealder på 80,1 år for dei med grunnskole som høgste utdanningsnivå, og på 83,8 år for dei med vidaregåande eller høgare som høgste utdanningsnivå. For landet er desse forskjellane større, så det er gledeleg at skilnadene i levealder ikkje er så store i vårt fylke.

«Helse i alt vi gjer»
Helse vert skapt på mange arenaer i livet. Døme på faktorar som påverkar helsa er utdanningsnivå og inntekt, arbeidsmiljø, fysiske omgjevnader, relasjonar til andre i lokalsamfunnet, offentlege tenester og helsevanar.

Ei forståing om at alt vi gjer har betyding for helsa kan illustrerast på denne måten;

Pil illustrasjon Synnøve Hungnes/Kreatoriet etter ein modell av Camilla Ihlebæk

Denne modellen av Camilla Ihlebæk syner at biletet er komplekst, men og at det fins mange arenaer kor vi kan sette inn smarte helsefremmande og førebyggande tiltak. I dette biletet finn vi også det personlege ansvaret. 

Utfordringar og moglegheiter
Det er ute i lokalsamfunna og kvardagsregionane at folk lever liva sine. La oss sjå litt på nokre folkehelseutfordringar og moglegheiter for å legge betre til rette for;
- helsevennlege val
- å gi alle like moglegheiter
- å styrke den psykiske helsa

Helsevennlege val

Mange av innbyggarane i fylket har lågt fysisk aktivitetsnivå og det er særleg kvardagsaktiviteten knytt til daglege rutinar som har gått ned. Godt turterreng i nærområdet, trivelige tettstader og fleire samanhengande gang- og sykkelvegar har stor betyding for innbyggarane sin fysiske aktivitet og trivsel. I praksis involverer det heile den kommunale planlegginga. Plansjefen i kommunen må tenke folkehelse. 

Like moglegheiter

Møre og Romsdal er blant fylka med lågast barnefattigdom, men delen fattige born i fylket aukar. Skal vi sikre borna mest mogleg like moglegheiter og dermed legge grunnlag for utjamning av sosiale skilnader i helse, må vi arbeide for sunne og inkluderande oppvekstmiljø som gjev dei høve til å oppleve meistring og utvikle sine evner og interesser. «Folkehelsa i Møre og Romsdal – ei oversikt» (2015), syner mellom anna at det er store variasjonar mellom kommunane når det gjeld tilsette i barnehagar som har førskulelærarutdanning og kor mykje ressursar som er sett av til helsestasjons- og skolehelseteneste. Gode kommunale tenester er grunnleggande. Ei kartlegging av barn og unge sine oppvekstvilkår vert i sommar sett i gang av Fylkesmannen i Møre og Romsdal og fylkeskommunen.

Psykisk helse

I fylket ligg vi litt under landet når det gjeld oppleving av sterk sosial støtte i befolkninga (16-79 år). Med sosial støtte i denne samanhengen meiner vi at ein har nokon ein kan rekne med om ein skulle få personlege problem, at andre syner interesse for det ein gjer og at ein kan få praktisk hjelp frå naboar om ein skulle trenge det. Dette handlar om det vi kan gjere som einskildpersonar, i nabolaget, i arbeidsmiljøet og på fritidsarenaen.

Dette er «smakebitar» på utfordringar og synleggjering av moglegheiter. Framover vert det viktig at vi brukar kunnskapen om utfordringane, tek dei nødvendige grepa og spelar på ressursane som fins i fylket både av økonomisk, menneskeleg og fysisk art.

 

Dette er ein kronikk i serien «Møre og Romsdal mot 2020» der fylkeskommunen tek opp tema som er aktuelle å ta med i planlegginga fram mot 2020.