Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 / Mob. 482 62 671
Send e-post

Kultur, kreativitet og kroner

Kreative næringar kan gi Møre og Romsdal auka verdiskaping, attraktive lokalsamfunn og ein meir mangfaldig arbeidsmarknad.

Carina Stokke

Carina Stokke er rådgivar ved kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Statistisk sentralbyrå (SSB) har definert kreative næringar som bransjane trykte medier, kulturarv, annonse og reklame, arkitektur, musikk, kunstnarleg verksemd (enkeltkunstnarar og organisasjonar), film, foto og spel, design, tv og radio.

Dei kreative næringane er i vekst, også i Møre og Romsdal. Næringa skaper produkt, tenester og arbeidsplassar, som ofte er attraktive for unge og bidrar positivt til eit større mangfald og ein meir attraktiv region.

Sysselsett 7 millionar i EU

Ein fersk studie av kulturelle og kreative næringar i EU, viser at dei har vore blant dei mest robuste under den økonomiske krisa i Europa, og sysselsett ca. 7 millionar menneske. Mange av dei er unge menneske. Kulturelle og kreative næringar er i følgje studien avhengig av at vi legg til rette for og opprettheld gode vilkår for kreative talent, kunstnarlege uttrykk, entreprenørskap og investeringar.

Kulturelle og kreative næringar gjev eit betydeleg bidrag til norsk økonomi, men dei er mindre utvikla i Noreg enn i andre land. Dette kan ha samanheng med nivået på satsingane, innretting av virkemidlar og haldningar innanfor kulturlivet.

I ein global verdsmarknad, må norsk næringsliv spele på fleire strengar for å kunne konkurrere med lågkostland. Humankapital og kreativitet er viktige innsatsfaktorar, om vi ønskjer å ligge i front i den kreative økonomien verda er på veg inn i. Kreative næringar kan ta ei heilt ny rolle i det økonomiske landskapet.

Middels store i Møre og Romsdal

Dei kreative næringane i Møre og Romsdal er middels store i nasjonal samanheng, med 2 500 sysselsette, og nærare 1 000 bedrifter i 2010. Bedriftene hadde ei samla verdiskaping på 1,2 mrd. kroner. Talet på sysselsette auka med 28 prosent frå 2004-2010 og verdiskapinga auka med 50 prosent i same tidsperiode.

Møre og Romsdal har stort potensial på mange felt, til dømes som location for filmproduksjonar. Fylket er eit stadig meir populært område for innspelingar av nasjonale- og internasjonale produksjonar. Desse skaper store ringverknadar. Regionale aktørar i bransjen får oppdrag, det blir lagt igjen store verdiar gjennom varehandel, transport og overnatting. Reklameverdien slike innspelingar gjev, kan ein ikkje betale for!

Moglegheiter innan film

I den nye stortingsmeldinga ”En framtidsrettet filmpolitikk” ønskjer Regjeringa å legge til rette for ei incentivordning for film. Kort fortald er det ei ordning som refunderer ein del av dokumenterte innspelingskostnadar i landet som tilbyr ordninga. Møre og Romsdal sitt geografiske spekter vil vere eit konkurranseelement som blir forsterka ved ei incentivordning.

Kulturarven er eit anna område med stort verdiskapingspotensial. Turistane ønskjer i større grad å oppleve genuin kultur, ikkje berre kulisser. I Møre og Romsdal har vi fleire gode døme på kulturarven som verdiskapar. Verdsarvområdet i Geiranger, Trollstigen og Atlanterhavsvegen er våre mest besøkte turistattraksjonar. Det ligg eit stort uforløyst potensial i kulturarven vår.

Skipsindustrien på Sunnmøre og 3D animatørar samarbeider om utviking av simuleringar og visualiserte opplæringsprogram m.m. Det er dokumentert at bedrifter som samarbeider med kulturelle og kreative næringar har høgare innovasjonsevne enn andre bedrifter.

Kva skal til for å utløyse det vekst- og utviklingspotensialet desse næringane har? Og, korleis kan vi bidra til at andre næringar gjer seg nytte av kunnskapen og kompetansen til kulturelle og kreative næringar?

Viktig for norsk økonomi

Vi må for det første anerkjenne at kreative næringar er verdiskapande næringar som påverkar norsk økonomi relativt mykje. For det andre bør næringa gå inn som ein naturleg del av innovasjonssystem og næringspolitikk, både nasjonalt og regionalt. Næringa er ikkje den nye olja, men kreative næringar er eit sjølvsagt satsingsområde i overgangen til ein ny norsk økonomi. Noreg er allereie i ferd med å få ein kulturindustri som er viktig for verdiskaping og arbeidsplassar.

Samtidig må ikkje ei slik næringssatsing svekke satsing på bredde, kulturskular, lokale initiativ og det etablerte stønadssystemet for smalare kultur. Grunnen til det er enkel. Det delvis offentleg finansierte kunst- og kulturlivet er ofte miljøet, og utgangspunkt, for dei kommersielle suksessane. 

 

Behov for møteplassar

Kva treng kreative næringar i Møre og Romsdal for å utvikle seg? Aktørar frå næringa gjev uttrykk for at dei har behov for nettverk, møteplassar og samlokaliseringar. Dei har også behov for kompetanse om forretningsutvikling og støtte til etablering av bedrift. Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennom større og mindre tiltak og i samarbeid med aktørar i fylket støtta opp under, og utvikla, tiltak for å møte desse behova.

Vi treng entreprenørar og føretak som får oss til å tenke på nye måtar og til å sjå på oss sjølv og verda med nye auger. Vi treng nokon som viser veg mot den kreative økonomien. I gründerfylket Møre og Romsdal har vi vist før at vi har evne til nyskaping, no er det dei kreative næringane sin tur.

Dette er ein kronikk i serien «Møre og Romsdal mot 2020», der fylkeskommunen tek opp tema som er aktuelle å ta med i planlegginga fram mot 2020.