Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Kva kan kommunane gjere for miljøutfordringane?

Biene forsvinn med katastrofale konsekvensar, høyrer vi i media. Men biene er ikkje dei einaste som slit. Redusert naturmangfald er saman med klimaendringar den største globale miljøutfordringa vi har. Kva kan kommunane gjere med det?

Jonny Loen

Johnny Loen ved plan- og analyseavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi marknadsfører Møre og Romsdal med vakker og spanande natur når vi skal gjere våre hoser grøne hos potensielle turistar og tilflyttarar. Vi er omgitt av panorama og naturscener som blir omtalt i verdspressa, og som til og med har status som verdsarv i sjølvaste UNESCO. Men natur er meir enn kulisser for menneska sine liv, det er ein prosess og ein funksjon som må virke. Alt anna er bonus.

Global tenking – lokal handling

Omgrepet økosystemtenester vart sett på dagsorden av FN i 2005 i ein global studie utarbeidd av meir enn 1300 forskarar (Millenium Ecosystem Assessment). Sluttrapporten konkluderte med at menneskeleg aktivitet har ein klar og aukande negativ verknad på naturmangfald og økosystem, og at både motstandskraft og kapasitet generelt er redusert. Færre økosystemtenester kan hentast ut. Sagt på ein annan måte, er det sannsynleg at både økonomiske og sosiale kostnader blir større enn vi ønskjer, dersom ikkje presset på naturen minskar.

I 2013 vart FN sin rapport følgt opp i ei omfattande norsk utgreiing (NOU 2013:10 Naturens goder), der utfordringane er omgjort til norsk kvardag. I denne rapporten les vi: "tilstanden i norske økosystemer er relativt god, men også Norges biologiske mangfold og norske økosystemer utsettes for press fram mange kanter. Arealendringer og arealbruksendringer som følge av nedbygging og oppsplitting av områder er det trolig det som gir størst negativ påvirkning."

Urbane økosystem veks

I naturfaglege termar er også urbane omgivnader økosystem, dei er berre mindre produktive og leverer få økosystemtenester. Det er dei urbane økosystema som veks i omfang, medan dei produk-tive, opprinnelege økosystema krympar. I Norge har vi vore gjennom ein periode der den enkelte sitt fotavtrykk på omgivnadene blir større og større. Kvar og ein av oss legg beslag på meir areal enn våre forfedrar nokon gong har gjort. Samstundes har det blitt mange fleire av oss. Også i Møre og Romsdal har det nedbygde arealet auka, og naturområde er oppdelt og fragmentert i stadig mindre stykke. Det må vere openbart for alle at dette ikkje kan halde fram utan konsekvensar for miljømessig, sosial og økonomisk berekraft.

Det klassiske naturvernet i statleg regi tek hand om nokre, særskilde naturressursar. Mange naturtypar og ressursar er underrepresentert i det statlege naturvernet, særleg i lågland og kystnære område.  Det aller meste av arealet vert forvalta etter plan- og bygningslova . Den største negative påverknaden kjem med andre ord som følgje av mekanismar som i stor grad er under kommunal styring. Det er her dei viktige grepa må takast. Landbrukspolitikken er også viktig, men det er ikkje poenget her.

Er vi på rett spor?

Svaret på dette spørsmålet vil vere både ja og nei. Folk flest har respekt for naturen og vil ta han i vare. Vi gler oss over vakre panorama, reagerer når utsikt endrar seg, gler oss over å kunne vitje naturen regelmessig, men stort sett ser vi oss sjølve som noko anna enn naturen, utanfor han.  Korleis kan ein vere utanfor, når naturen er heile livsmiljøet som vi er uløyseleg knytt til, deltek i og avhengig av?

Både dagens og førre regjering har synleggjort forventningar til den kommunale arealplanlegginga som gjeld ivaretaking av landskap, naturressursar, naturmangfald og dyrkbar jord. Ikkje mindre har dagens regjering også gitt klare signal om at lokalt sjølvstyre skal vektleggast endå meir. I lys av dei gjennomgripande, globale utfordringane, bli kvar kommune i Noreg liten. Det er svært få enkeltavgjerder som veltar lasset, det er summen av dei mange små. Dei fleste avgjerdene har konsekvensar langt utover den enkelte kommune. I dette ligg eit valdsamt ansvar på lokalpolitikarar og kommunale fagmiljø.

Og det blir diverre teke mange avgjerder om arealbruk i vårt fylke som verken er godt grunngitt eller i tråd med statleg politikk.

Fortetting ein del av løysinga

Positivt då, at vi 30. april les både i Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten om byplanlegging med fortetting som mål. Vi veit at den same diskusjonen går føre seg også i andre kommunar. Dette er ein av vegane ein må gå i arealforvaltinga. Hamar kommune vart i 1992 slått saman med Vang kommune. Eitt av argumenta var mangel på areal for bustader i vesle, tettbygde Hamar. Etter samanslåinga er det bygd 3000 nye bustader innanfor dei gamle kommunegrensene i Hamar, først og fremst gjennom transformasjon av eldre industriområde. Påstand om plassmangel tyder oftast manglande vilje og kreativitet.

Eksisterande infrastruktur og arealinvesteringar må utnyttast betre slik at ein slepp nye inngrep som reduserer produksjonspotensialet i økosystema. Problemstillinga er ikkje relevant berre i byane. Også i mindre tettstader og grender bør ny utbygging leggast inntil eller inni eksisterande strukturar, gjerne gjennom transformasjon.  På den måten vert fotavtrykket vårt mindre. Utfordringa ligg hos lokalpolitikarane, men konsekvensane er globale.

Dette er ein kronikk i serien «Møre og Romsdal mot 2020» der fylkeskommunen tek opp tema som er aktuelle å ta med i planlegginga fram mot 2020. Har du meiningar om temaet, send gjerne innspel til www.mrfylke.no/innspel.