Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ingvild Gjerdset Ingvild Gjerdset
Arkitekt MNAL
71 28 03 44
Send e-post

Leik i sentrum er avgjerande for byens utvikling!

Vi har alt å vinne på å leggje til rette for leik i sentrum av byane våre. Leik er ein føresetnad for at bymiljøet skal opplevast som levande, aktivt og sosialt. Ungar og leik skapar byliv og bidreg til at byen blir brukt. Gløymer vi leiken har sentrum tapt.

Barn i leik_illustrasjonsfoto Pixabay

Illustrasjonsfoto Pixabay

Leik i sentrum
Sjå for deg dette: I eit levande og aktivt sentrum bur det folk. Elles ville jo sentrum vore ein spøkelsesby når den siste butikken eller restauranten stengjer for kvelden. I eit levande og aktivt sentrum bur det også småbarnsfamiliar. Det er difor det er så mykje liv der - bokstaveleg talt. Ungane er ute og leiker i byen sine parkar og leikeplassar både på vekedagar og i helgene. Ofte kjem det andre ungar frå andre område av byen og leikar seg her også. Dei gamle synest det er kjekt å betrakte borna og foreldra deira frå benkane i parken; det minner dei om levd liv, og dei gler seg over barnelatter og ein oppveksande generasjon. Ungane går i barnehage og skule som ligg midt i byen, og foreldra syklar til jobben. Småbarnsfamiliane handlar på butikkane og låner bøker på biblioteket, går av og til på kafé og i teateret. Foreldra og ungane både brukar byen og legg att pengane sine der. Sentrum er levande og attraktivt. Det er i alle fall slik vi ønskjer at sentrum skal vere. Men er det nødvendigvis slik?

Sentrum utan leik
Kva skal til for at ein by skal opplevast som levande og aktiv? Ein viktig premiss for at eit sentrumsområde er levande og vitalt, er at det bur folk der. Ein annan viktig faktor er at det er ulike grupper av befolkninga som bur der. Område som blir for einsarta, fungerer som regel dårleg. Den siste tida har det ved fleire høve vore tatt opp problemstillingar og forslag knytt til manglande leikeplassar og opphaldsareal for ungar i sentrumsområde av byar i Møre og Romsdal. Område der det ikkje finst gode arenaer for utandørs leik og opphald i kvardagen, blir ikkje attraktivt å bu i for dei med små born. Når småbarnsfamiliane flyttar ut av byen, går ikkje den daglege leiken lenger føre seg i sentrum av byen. Dette har store konsekvensar, fordi mykje anna aktivitet forsvinn samtidig.

Urbanitet er meir enn shopping
Viss vi skal gjere alvor av intensjonen om at Møre og Romsdal skal vere attraktivt for unge og gi dei urbane tilbod, slik veldig mange i dag er opptekne av og set pris på, må vi tenkje kvardagsliv. For det er i kvardagen størsteparten av liva vårt skjer. Shopping og kafebesøk er berre ein del av det som går føre seg i ein by eller småby. Vi går på jobb, leverer i barnehage, oppsøker lege, bank eller offentlege kontor. Vi handlar mat, lagar middag, skyssar ungar på fritidstilbod. Vi går på foreldremøte i barnehagen, går på bibliotek, kino, treningsstudio eller går kveldstur. Av og til et vi kanskje lunsj eller middag ute. Alt dette går føre seg i kvardagen, og det ideelle er sjølvsagt at så mykje som mogeleg av dette skjer innanfor eit så lite geografisk avgrensa område som råd, og at du kan gå, sykle eller ta offentleg transport for å nå det du treng. Og poenget er at dette gjeld jo også for ungane sine leikeområde! I tillegg til bydelsleikeplassar må det difor også finnast områder for leik i sentrum.

Ein barnevenleg by er ein sosial by
Viss ikkje småbarnsfamiliar har gode leikeplassar og parkar i sentrum som dei kan bruke, flyttar dei ut av sentrumskjernen. Og når småbarnsfamiliane har flytta ut av sentrum, brukar dei, i beste fall, bysentrum berre i helgene. Men kanskje blir det like lettvint å køyre til kjøpesenteret og gjere unna helgehandelen der, fordi der finst det leikerom, og så kjøre heimatt for å leike på leikeplassen som høyrer nabolaget til - eller i sin eigen private hage. Då er det ikkje så rart at det blir litt lite "trøkk" i sentrum. Sentrum må brukast - også av born og unge! Kvar dag.

Ungar har ein langt lågare terskel enn dei fleste vaksne til å ta spontant kontakt med kvarandre. Når ungar treff andre ungar på leikeplassar i byen, begynner dei ofte å leike i lag utan at dei kjenner kvarandre frå før. Slik kjem mange foreldre i prat med andre foreldre, besteforeldre eller andre som dei elles ikkje ville prata med. Barnevenlege byar og bydelar blir difor også meir sosiale.
 

Leikeareal med kvalitet!
Dei fleste småbyar har i dag eit meir eller mindre uttalt mål om å vekse - eller iallfall unngå det motsette. Skal ein gjere seg attraktiv må ein tilby kvalitet. Ved utbygging av nye boligprosjekt ligg det krav i reguleringsplan og plan- og bygningslov til leike- og opphaldsareal, men litt for ofte ser ein at det som i realiteten blir etablert ofte både er lite eigna, har lite møblering eller på andre måtar ikkje er attraktive og innbyr til leik og opphald. Lokalisering og innhald er viktig for ungar også, ikkje berre for oss vaksne. Vi går ikkje inn på ein kafé som ser kjip ut, vi heller. 

Der det er vanskeleg å få til eit tradisjonelt «leikeområde», for eksempel i ei allereie etablert sentrumskjerne, kan ein i staden tenkje på heile sentrum som eit potensielt område for leik. Ei gågate kan innby til vannleik, ha punkt med aktivitetar eller leikeapparat. Eit torg kan innehalde klatrestativ eller hinderløyper, utan at heile torget må transformerast til ein «leikeplass». Om byen blir planlagt og utforma slik at det gir spennande opplevingar og trygg ferdsel for ungar langs vegen vi går, og på plassar og torg, vil dette også sjølvsagt kome alle andre til gode også. Er sentrum planlagt med omsyn til ungar, blir det også ein god stad å vere for eldre, funksjonshemma – og ikkje minst; alle andre!

Ungar fører vaksne (og lommeboka) med seg
I utbygde bykjerner kan det vere vanskeleg å finne ledig areal, og økonomi er som regel ei utfordring. Kven skal betale for og drifte leikeplassen? Trygge leikeapparat og fallunderlag kostar pengar, og det er - iallfall umiddelbart - lite å tene på dei som er brukarane. Dette stemmer imidlertid ikkje, for: Ungar som leikar i sentrum fører vaksne dit, og då er sjansen veldig stor for at det blir lagt att pengar. Kanskje stikk dei innom eit par butikkar eller ein kafe - på impuls. Dei store kjøpesentra har skjønt kor viktig leik er for å trekkje småbarnsfamiliane. Som regel finst det både leikerom og leikeavdelingar på kjøpesenteret som ungane synest det er artig å bruke. Det er mange butikkar som har eigne «leikekrokar», slik at dei vaksne kan kikke uforstyrra i hyllene. Dette må ein tenkje på i sentrum også,  i tillegg til at sentrum (i motsetning til kjøpesentra), skal ivareta offentlege, ikkje-kommersielle tilbod. Det må vere attraktivt å oppsøkje sentrum - slik at du har lyst til å bli der ei stund – lenger enn dei konkrete ærenda du har. Til fleire funksjonar sentrum har, til meir bruk og opphald blir det på kvar og ein av oss. Og det må opplevast som trygt og behageleg å ferdast og å slå seg ned, både for små og store.

Berekraftig byutvikling i Fosnavåg
Eit døme på nyskaping med omsyn til leik i sentrum av byar i Møre og Romsdal, er Fosnavåg sitt pågåande arbeid med sentrumsutvikling. Fosnavåg er med i den nasjonale satsinga Framtidens Bygder, og målet er å oppnå ei berekraftig byutvikling. Dei har vist at dei tek byrommet på alvor; at grøne lunger, parkar, leikeplassar og gode gangforbindelsar er ein føresetnad for eit velfungerande byliv. Dei er no i gang med ein byromsstrategi, der blant anna leik og tilrettelegging for born og unge er naturleg å bake inn i planane som ei overordna målsetting.

Ein by som er godt tilrettelagt for born, vil gi ei berekraftig utvikling både miljømessig og demografisk. Både offentlege og private aktørar vil dra nytte av ei slik utvikling. Dette bør vi jobbe målretta for å få til i byane i Møre og Romsdal!

Dette er ein kronikk i serien «Møre og Romsdal mot 2020» der fylkeskommunen tek opp tema som er aktuelle å ta med i planlegginga fram mot 2020. Har du meiningar om temaet, send gjerne innspel til www.mrfylke.no/innspel.