Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ingvild Gjerdset Ingvild Gjerdset
Arkitekt MNAL
71 28 03 44
Send e-post

Levande bysentrum – puls heile døgnet

Den nasjonale- og internasjonale busettingstrenden er udiskutabel;  flyttestraumen mot dei store byane aukar. Dette ser vi også i Møre og Romsdal.  Men evnar vi å planleggje for urban og berekraftig vekst i fylket vårt?  Med aukande folketalsutvikling og klima- og energiutfordringar, kan fortetting vere en del av løysinga.

Stemningsbilde frå Plassen

Klimavennleg fortetting
Fortetting kan gi grunnlag for eit betra kollektivtilbod, sidan det blir fleire potensielle brukarar innanfor eit geografisk område. Transportbehovet vert og redusert når fleire bur og arbeider innan korte avstandar. Ved å byggje meir kompakt, og samtidig oppgradere eksisterande bygningsmasse, vil ein få eit lågare energiforbruk, og ein vil kunne nytte eksisterande infrastruktur. Meir folk i sentrum vil sikre service- og tenestetilbodet, og ein får meir aktivitet og liv i gater og byrom. Fortetting kan dessutan bidra til alternative bustadtilbod som er attraktive for folk i ulike livsfasar.

Men, fortetting kan og skape utfordringar. Grøne lunger kan bli bygd ned. Bustadar kan få dårleg bukvalitet på grunn av tap av sol og dagslys, utsikt, dårlege planløysingar, lite eigna uteareal og problem med innsyn og støy. Ein vil og få auka trafikkbelastning om privatbil blir prioritert. Fortetting kan vidare forstyrre eller øydeleggje byen eller tettstaden sitt særpreg. Område med heilskapleg byggjeskikk og arkitektoniske kvalitetar, viktige kulturhistoriske element og landskapstrekk bør difor vurderast spesielt nøye.

Eit tett sentrum er lik eit levande sentrum
Ein god miks av funksjonar og folk gir eit godt og levande sentrum. Utan handel kan ein ikkje snakke om eit sentrum i tradisjonell forstand, og utan at folk bur der, vil det heller aldri vere eit levande sentrum. Det er også heilt essensielt at sentrum skal kunne brukast utan at ein må handle – det må med andre ord vere ein offentleg arena som vert opplevd som inkluderande og trygge. Bibliotek er til dømes ein viktig offentleg arena som er tilgjengeleg for alle, og som gjerne bidreg til anna aktivitet. Offentlege byparkar kan brukast av alle, og dei skapar variasjon i bybildet. I ein kompakt by vil parkane bli desto viktigare som grøne lunger.

Eit levande sentrum «stengjer» i prinsippet aldri. Medan nokon går heim frå jobb i butikken, kjem andre heim til leiligheita eit par etasjer over. Ein annan går frå biblioteket for å hente ungane. Litt seinare sit ein vennegjeng på kaffibaren før dei stikk vidare i teateret. Ein kjem syklande heim frå kino, medan ein annan går frå leiligheita si til nattevakt på sjukeheimen. Her kjem vi inn på noko som er essensielt - ikkje berre bidreg denne pulsen gjennom døgnet til urbanitet – han bidreg også til tryggleik. Ein tett by der det er jamn straum av folk, gir lite rom for kriminalitet i det offentlege rom.

Kan fortetting vitalisere bysentra?
Ei kjent problemstilling er at mange gamle handelssentra har utfordringar med for lite aktivitet.

Det er viktig at byar og tettstadar vert oppgradert, men det hjelp ikkje med granitt i gatene og nyoppussa fasader om det ikkje er aktivitet der. I byformingsteori brukar ein å seie at 2+2 blir 5, underforstått at kombinasjonen av ei rekkje funksjonar gir synergieffektar. Innhald og funksjonane i sentrum er heilt avgjerande; dess fleire som brukar sentrum, dess meir aktivitet blir det. Til fleire ulike funksjonar ein tilbyr, til fleire brukar dei. Brukar folk byen aktivt, kjem den «urbane kvaliteten» som ein er på leit etter.

Eit anna moment er at barnefamiliar i større grad enn før søkjer ut av sentrum, av fleire årsaker. Dels kan det skuldast for få tilgjengelege bustadar for barnefamiliar i sentrum og sentrumsnære område, og dels kan det ha med tilboda i sentrum å gjere. Finst det tilgjengelege og gode leikeareal i bygardane? Finst det bydelsparkar? Blir det bygd bustadar som er tilpassa barnefamiliar?

Kvalitet i fortettinga
Det er naturleg at ein fortettar sentrumsnære bustadområder. Kva er viktig når ein fortettar mange av desse «byvilla-hagane», og kor tett må ein akseptere at det blir bygd ut innanfor sentrumsnære områder? Utsikt og innsyn er den vanlegaste problemstillinga, og denne må takast på alvor. Gjennom god prosjektering og ivaretaking av siktlinjer og gløtt, vil ein kunne løyse dette på ein god måte. I tillegg må ein ha ei bevisst haldning til volum og materialval, og omsyn til omkringliggande bygningsmasse. Stikkordet for den som kjøper ein bustad i sentrumsnært område, må vere forutsigbarheit. Her har både utbyggjar og kommune eit stort ansvar for å sikre at dei fortetta områda blir utvikla med ein slik kvalitet at dei vil opplevast som gode og attraktive også i framtida.

At man noget vil!
I Møre og Romsdal blir stadig fleire bevisste på  rolla som byane spelar for omlandet. Store utviklingsprosjekt med lokale, regionale og nasjonale aktørar er sett i gang, som prosjektet Byen som regional motor. Ørsta kommune er med i Europan – ein stor internasjonal arkitektkonkurranse for arkitektar under 40 år. Fosnavåg er med i Framtidens bygder, eit pilotprosjekt for å bidra til auka kunnskap om berekraftig og klimavennleg stadutvikling. I tillegg driv fleire byar og tettstader med større og mindre prosjekt for å utvikle sentrum.

I juni vedtok fylkestinget Regional delplan for attraktive byar og tettstader – senterstrukturplan for Møre og Romsdal 2014-2020. Planen gir retningslinjer for kva veg fylket ønskjer å gå i åra som kjem, og tek opp i seg både nasjonale, regionale og lokale forventningar og føringar. Fortetting er eit sentralt punkt når det kjem til sentrumsutvikling.

I store byar lever bysentra i større grad i kraft av eigen eksistens. I mindre byar og tettstader er befolkingsgrunnlaget mindre, og ein må i større grad kanalisere funksjonar og folk inn i sentrum for å skape aktivitet der. Med andre ord må ein jobbe målretta for å skape gode byområde i Møre og Romsdal.