Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Regional planlegging > Regional planstrategi > Oppstart av arbeidet med Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2020-2024

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post

Dokument

Oppstart av arbeidet med Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2020-2024

Den regionale planlegginga følgjer eit fireårshjul som i så stor grad som mogleg følger fylkestingsperiodane. Vi har derfor som mål at ny regional planstrategi skal bli vedtatt i april 2020 av det nye fylkestinget.

Denne gongen vil vi kople arbeidet med den regionale planstrategien saman med arbeidet med ny fylkesplan. Oppstartmelding for RPS og planprogram for ny fylkesplan blir derfor samla i same dokument - som blir lagt fram for fylkesutvalet den 25. februar. Denne blir så sendt på brei høyring i fylket.

Ein viktig del av den regionale planstrategien er kunnskapsgrunnlaget som gjer greie for viktige utfordringar og moglegheiter for oss i Møre og Romsdal. Vi legg denne gongen opp til at
kommunane, regionale statsetatar og andre samarbeidspartnarar skal få ta del i utarbeiding av kunnskapsgrunnlaget. Det er gått ut invitasjon til workshop den 14. mars og 2. mai til ei breitt utval av l fylkeskommunen sine samarbeidspartar; offentlege instansar på alle nivå, aktørar i arbeids-/næringsliv og kompetanseinstitusjonar, kulturaktørar og frivillig organisasjonsliv. Det er også opna for innspel til kunnskapsgrunnlaget på nettsida www.mrfylke.no/rps.

Nyttårskonferansen som fylkeskommunen arrangerte saman med fylkesmannen på starten av året har allereie gitt oss mange innspel på utfordringar og moglegheiter. På eit delprogram der presenterte vi arbeidet med ny regional planstrategi og fylkesplan.