Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Regional planlegging > Regional planstrategi > Oppstart av arbeidet med ny regional planstrategi og fylkesplan – vil du gi innspel?

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. 996 28 055
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post

Oppstart av arbeidet med ny regional planstrategi og fylkesplan – vil du gi innspel?

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok den 25. februar (sak U-9/19) å legge forslag til planprogram for ny regional planstrategi og fylkesplan for Møre og Romsdal 2020 – 2024 ut til høyring. Høyringsfrist vart sett til 12. april. 

Regional planstrategi og fylkesplanen er styrande for prioriteringa av fylkeskommunen sine ressursar i økonomiplan og budsjett. Desse plandokumenta skal også leggast til grunn for statleg og kommunal planlegging og verksemd i Møre og Romsdal. I planprosessen og i plandokumenta gjer vi val som påverkar utviklinga i fylket vårt.

Planprogrammet er ein prosjektplan for utarbeiding av plandokumenta. Planprogrammet gjer greie for formål med regional planstrategi og regional planlegging, korleis plansystemet vårt er bygd opp og kva planar vi har per februar 2019.

Det blir vist til internasjonale, nasjonale og regionale føringar for planarbeidet og innhald i det kunnskapsgrunnlaget som vil bli utarbeidd. Planprogrammet inneheld ein framdriftsplan og oversikt over kven som vil medverke.

Høyring av planprogrammet er første milepæl i arbeidet fram mot ny regional planstrategi og fylkesplan. Høyringa skal sikre at myndigheiter og interesser som dette får følgjer for, får oversikt over aktuelle problemstillingar og korleis forslaget påverkar eigne interesser. Målet er å gi høve til tidleg medverknad, god informasjon og dialog, og ein føreseieleg prosess for alle involverte.

Spørsmål vi ønskjer avklaring på i høyringsrunden

  1. Har de forslag til ytterligare tema som bør utgreiast?
  2. Er det internasjonale, nasjonale eller regionale føringar og rammer som fylkeskommunen må ta omsyn til i sitt planarbeid?
  3. Støttar de forslag til framdrift og organisering av planarbeidet, har de ev. innspel til endringar av planprosessen?

Les planprogram for Regional planstrategi og Fylkesplan for Møre og Romsdal 2020-2024

Høyringsbrev 28.02.2019

Send gjerne innspela/høyringsuttalen via vår nettside www.mrfylke.no/medverknad . Her kan de også laste opp ev. vedlegg.