Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Regional planlegging > Regional planstrategi > Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 er lagt ut for høyring

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. 996 28 055
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post
Oddny Wiggen
Rådgivar
71 28 02 38 /
Mob. 906 64 446
Send e-post

Send elektronisk høyringssvar

Dokument

Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 er lagt ut for høyring

Har du tankar om kva planar som trengst for å utvikle Møre og Romsdal dei neste fire åra? No ligg forslag til Regional planstrategi ute til høyring. Strategien summerer opp dei største utfordringane og moglegheitene, og vurderer kva planar vi treng for å møte desse.

omslag RPS 2016-2020

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok den 26.10.2015 (sak U-110/15) å legge forslag til «Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016–2020» ut til høyring med følgjande tillegg:

  • Tillegg side 21 i dokumentet under Regional transportplan Midt-Norge: Heilt til slutt: samt jernbane og hurtigtog for gods- og persontrafikk i eit langsiktig perspektiv.
  • Landbruksmeldinga skal reviderast og oppdaterast i planperioden.
  • Tillegg side 10 (slutten av andre avsnitt): Bulyst må også styrkast utanom tettstadene. Det skal definerast ei særskilt satsing for å utvikle vekstkraft i område med jamn folketalsnedgang.
  • Tillegg side 30 eller 31: Regional strategi for utvikling av bioøkonomien utviklast gjennom eit grunnlagsdokument for satsingsområde verdiskaping og kompetanse.
  • Endring side 31: Planlegging bør omfatte både havrommet og kystsonen.
  • Det må vurderast ein eigen strategi eller grunnlagsdokument under tema inkludering for korleis ein kan handtere flyktningestraumar.
  • Det skal utarbeidast eit eige strategidokument for kompetanseutvikling for tilsette i den vidaregåande skolen.
  • Regional delplan for attraktive byar og tettstader skal rullerast innan tre år, uavhengig av om kommunane ønsker avgrensa regionale delplanar for areal- og transportplanlegging.
  • Miljø og klima skal framleis vere med som eit gjennomgåande perspektiv i fylkesplanen.
  • Det må innarbeidast ein strategi i den regionale planstrategien for å hente fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal.

Høyringsfrist er sett til 1. februar 2016.

Regional planstrategi

Plan- og bygningslova stiller krav om at fylkeskommunen minst ein gong kvar valperiode, og seinast eitt år etter konstituering, skal utarbeide ein regional planstrategi. Dette skal gjerast i samarbeid med kommunar, statlege organ, organisasjonar og institusjonar som planarbeidet rører ved. Som utgangspunkt for arbeidet med regional planstrategi er det utarbeidd eit omfattande kunnskapsgrunnlag, «Utviklingstrekk i Møre og Romsdal». 

Planstrategien skal gjere greie for viktige regionale utviklingstrekk og utfordringar, vurdere langsiktige utviklingsmoglegheiter og ta stilling til kva spørsmål som skal takast opp gjennom vidare regional planlegging. Den regionale planstrategien skal dessutan innehalde ei oversikt over korleis dei prioriterte planoppgåvene skal følgjast opp og korleis medverknad skal sikrast i planarbeidet.

Regional planstrategi skal ikkje gi detaljerte målformuleringar, men nokre overordna målsettingar ligg til grunn for planstrategien er:

  • Gode og inkluderande lokalsamfunn og byar
  • Godt og breitt kultur- og fritidstilbod
  • God og tilstrekkeleg kompetanse
  • God konkurransekraft og nyskaping
  • Gode og samfunnsutviklande samferdselsløysingar
  • Gode oppvekst- og levekår
  • God miljømessig berekraft

Regional planstrategi gjer greie for planstatus og planbehov på alle områda. Det blir og lagt fram forslag til nokre få nye planar, strategiar og grunnlagsdokument:

  • Regional delplan for museum
  • Forskings- og innovasjonsstrategi
  • Internasjonal strategi
  • Ferjestandard – grunnlagsdokument til satsingsområdet samferdsel i fylkesplanen
  • Utvikling av fylkesvegnettet – grunnlagsdokument til satsingsområdet samferdsel i fylkesplanen 

Høyring

Fylkeskommunen vil i høyringsperioden innhente synspunkt på om

  1. Forslaget fangar opp dei viktigaste utfordringane og moglegheitene for Møre og Romsdal framover?
  2. Er de einige i dei vurderingane og tilrådingane som blir gjort av den enkelte plan?
  3. Støttar de forslaga til nye planoppgåver? (inkludert dei som fylkesutvalet foreslår i sitt vedtak)

Planstrategien og innhaldet i han, vil vere tema i ei rekkje arrangement og møte fylkeskommunen har med nettverka sine utover hausten. Etter høyringsperioden skal den regionale planstrategien vedtakast av fylkestinget i april 2016.

Høyringsuttalar kan sendast til:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkeshuset
6404 Molde

Send gjerne høyringsuttalar på e-post til post@mrfylke.no. Merk e-posten med «Høyringsuttale til regional planstrategi 2016 – 2020».