Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Regional planlegging > Regional planstrategi > Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 er vedtatt

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post

Dokument

Regional planstrategi 2016-2020
PDF-dokument - 1,66 MB

Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 er vedtatt

Fylkestinget vedtok den 11. april Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 (RPS). Her blir det gjort greie for kva som er Møre og Romsdal sine viktigaste utfordringar og moglegheiter i åra som kjem. 

På bakgrunn av dette er det prioritert kva som er viktige område for regional samhandling og planlegging i perioden 2016 – 2020.

I RPS blir 8 gjeldande regionale delplanar vidareført:

  • Regional delplan for folkehelse
  • Regional delplan for tannhelse
  • Regional delplan for klima og energi
  • Regional delplan for kulturminner av regional og nasjonal verdi
  • Regional delplan for villrein – Dovrefjell
  • Regional delplan for villrein – Ottadalen
  • Regional plan for vassforvaltning for Møre og Romsdal vassregion
  • Regional delplan for inngrepsfrie naturområde

To skal reviderast:

  • Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020
  • Regional delplan for attraktive byar og tettstader

Ny(e) regionale planar som skal utarbeidast:

  • Regional delplan for museum
  • Eventuelt regionale delplanar for samordna bustad,- areal og transportplanlegging i mindre område – dersom kommunane ønskjer dette.

I tillegg kjem arbeid med nye strategiar og planar som ikkje er utarbeidd etter prosesskrava i plan- og bygningslova. Her kan nemnast ny forskings- og innovasjonsstrategi, strategi for å få etablert fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal, internasjonal strategi og revidering av landbruksmeldinga.

Fylkeskommunen har mottatt mange gode og konstruktive innspel til regional planstrategi som kompletterer vårt bilde av dei regionale moglegheitene og planbehovet i fylket. Vi takkar alle som har deltatt i utforminga av RPS.

For å lese Regional planstrategi 2016-2020 kan du laste ned pdf.fil her