Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Regional delplan for Ottadalsområdet

Regional delplan for Ottadalsområdet

Regional delplan for Ottadalsområdet er ei av dei prioriterte planoppgåvene i Regional planstrategi 2012-2016.

Fylkestinga i Møre og Romsdal, Oppland og Sogn og Fjordane vedtok Regional delplan for Ottadalsområdet våren 2016.


Ottadalsområdet godkjent

Regional delplan for Ottadalsområdet er vedtatt i fylkestinga i  Møre og Romsdal, Oppland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. 

Les meir

Regional delplan for Ottadalsområdet tredje gongs høyring og offentleg ettersyn

Regional delplan for Ottadalsområdet blir nå lagt ut til tredje gongs høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfrist er sett til 15. oktober 2015.

Les meir

Regional delplan for villrein Ottadalen sak U-47/14

Behandling av Regional delplan for villrein Ottadalen etter andre gongs offentlege ettersyn og høyring i fylkesutvalet mai 2014 

Les meir

Regional delplan for villrein – Ottadalen (2. gongs ettersyn)

I medhald av plan- og bygningslova § 8-3 vert forslag til Regional delplan for villrein – Ottadalen lagt ut til andre gongs offentlege ettersyn og høyring.

Les meir

Kontaktpersonar

Anders Røynstrand Anders Røynstrand
Rådgivar
71 28 02 39 /
Mob. 474 19 997
Send e-post

Bakgrunn og rammer

Den regionale planen for Ottadalsområdet er utarbeidd av Oppland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylkeskommunar på oppdrag frå Miljøverndepartementet (MD) gjennom eit bestillingsbrev, dagsett 12.4.2007.

Hovudmål

Hovudmålet med planen er å sikre villreinen i Ottadalsområdet store nok område for at stamma fortsatt skal kunne vera levedyktig i framtida, samt å sikre moglegheiter for utveksling til andre villreinområde, i dette tilfellet Vest‐Jotunheimen.

Politisk behandling

Fylkestinget 11.04.2016

Sak T-7/16