Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 28 03 04 /
Mob. 953 38 348
Send e-post

Dokument

Regional Delplan for Folkehelse
PDF-dokument - 13,16 MB

Regional delplan for folkehelse vedtatt i fylkestinget

Møre og Romsdal fylke har no fått ein overordna plan for det samla arbeidet med folkehelse. Den vedtekne planen har eit perspektiv fram mot 2017, og har hatt god medverknad frå sentrale aktørar i folkehelsearbeidet.

Planens føremål
Regional delplan for folkehelse er eit grunnlag for det samla arbeidet med folkehelse i Møre og Romsdal. Planen skal gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, institusjonar, organisasjonar og næringsliv eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag.

Innhaldet i planen
Målet med folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse for den einskilde, og reduserte sosiale helseforskjellar i befolkninga.

Helse i alt vi gjer – er kjernen i folkehelsearbeidet.  I åra framover er det nødvendig at alle sektorar set seg folkehelsemål og samarbeider for å nå desse.

Planen har fokus på ulike livsfasar og samfunnsområde som er viktige for helsa gjennom heile livsløpet.

Dei seks satsingsområda er:
● Samfunnsutvikling for ein god start i livet
● Helsevennleg arbeidsliv
● Samfunn som fremmar aktiv, trygg og frisk alderdom
● Trygt og helsefremmande fysisk miljø
● Inkludering og deltaking i kultur og frivillige organisasjonar
● Organisering og samhandling, eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid

Oppfølging av planen
Regional delplan for folkehelse skal følgjast opp gjennom årlege handlingsprogram.

Ein sentral føresetnad for gjennomføring av planen er samarbeid med kommunar, Fylkesmannen og statlege etatar på regionalt nivå, institusjonar, organisasjonar og næringslivet. God Helse partnarskapen, som er eit partnarskap om folkehelse mellom fylkeskommunen og alle kommunane, vil stå sentralt.

Heile planen kan lastast ned her.

Folkehelsearbeid er: samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremmar helse og trivsel i befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som beskyttar mot helsetruslar, samt arbeider for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa (Folkehelselova).