Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Regional plan for Dovrefjellområdet

Regional plan for Dovrefjellområdet

Regional plan for Dovrefjellområdet var av dei prioriterte planoppgåvene i Regional planstrategi 2012 -2016. Regional delplan for Dovrefjellområdet vart lagt ut til tredje gongs offentleg ettersyn hausten 2015 og eigengodkjent i fylkestinget i april 2016. Planen vart endeleg vedtatt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i juli 2017.

Regional plan for Dovrefjellområdet er utarbeidd i samarbeid mellom fylkeskommunane Sør- Trøndelag, Oppland, Møre og Romsdal og Hedmark, samt kommunane Oppdal, Rennebu, Dovre, Lesja, Sunndal, Rauma, Nesset, Tynset, Alvdal og Folldal.


Regional plan for Dovrefjellområdet vedtatt

Planen vart endeleg vedtatt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i juli 2017.

Les meir

Regional delplan for Dovrefjellområdet - framlegg til eigengodkjenning

Regional delplan Dovrefjellområdet er eit samarbeid mellom Oppland, Hedmark, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal fylkeskommunar. Den første regionale del-planen for Dovrefjell vart vedteken allereie i 1999. Første gongs revidering vart godkjent i Miljøverndepartementet i 2009 

Les meir

Regional plan for Dovrefjellområdet - andre gongs høyring og offentleg ettersyn

Regional plan for Dovrefjellsområdet blir nå lagt ut til 2. gongs høyring og offentleg ettersyn. Høringsfrist er sett til 15. september 2015.

Les meir

Regional plan for Dovrefjellområdet - forslag om ny høyring

Regional plan for Dovrefjellområdet - forslag om ny høyring
juni 2015

Les meir

Regional plan for Dovrefjellområdet - høyring og offentleg ettersyn

Fylkesutvalet har i sak U-110/14 vedteke å legge ut forslag til Regional plan for Dovrefjellområdet til høyring og offentleg ettersyn, i tråd med plan- og bygningslova §§ 5-2 og 8-3. Høyringsfristen er sett til 1. mars 2015.

Les meir

Kontaktpersonar

Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Planen sitt formål

Målet med den regionale planen for Dovrefjellområdet er å sikre ei bærekraftig og langsiktig areal- og ressursforvalting i planområdet. Dette inneber å ivareta fjelløkosystemet med villreinen som nøkkelart, sikre inngrepsfrie natur område, sikre kulturminne og kulturlandskap og legge til rette for eit aktivt friluftsliv. 

Det skal kunne leggast til rette for berekraftig næringsutvikling i planområdet som bidrag til å sikre livskraftige bygdesamfunn. Dette skal skje på ein slik måte at det ikkje reduserer verneverdiane.

Politisk behandling

Regional plan for Dovrefjellområdet er lagt ut til offentleg ettersyn med bakgrunn i følgjande vedtak i fylkesutvalet:

Kommunal og moderniseringsdepartementet
Godkjenningsbrev 2017

Eigengodkjenning (Fylkesutval/Fylkesting
U-38/16
T-8/16
Dokumenter ved eigengodkjenning

Andre gong:
Møre og Romsdal 29.06.2015,
sak U-94/15

Dokumenter ved 2. gongs høyring 

Første gong:
Møre og Romsdal  17.11.2014,
sak U-110/14