Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Regional planlegging > Regionale delplanar > Regional plan for vassforvaltning for Møre og Romsdal vassregion

Regional plan for vassforvaltning for Møre og Romsdal vassregion

Regional plan for vassforvaltning for Møre og Romsdal vassregion

Vassdirektivet er eit rammedirektiv som EU gjorde gjeldande 22. desember 2000. Vassdirektivet vart gjort til ein del av EØS-avtalen i 2007 og legg rammer for all vassressursforvaltning i EØS-området. For å følgje opp direktivet vedtok Noreg i 2007  «Forskrift om rammer for vannforvaltningen» (Vassforskrifta) som er heimla i forureiningslova, plan- og bygningslova og vassressurslova. Denne forskrifta gjev føringar for korleis Noreg skal gjennomføre arbeidet med heilskapleg vassforvaltning.

Regional plan for vassforvaltning for Møre og Romsdal vassregion er ei av dei prioriterte planoppgåvene i Regional planstrategi 2012 -2016.

Regional plan for vassforvaltning i Møre og Romsdal vassregion med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram 2016 vart vedtatt i fylkestinget 8 desember, sak T-82/15. Forvaltningsplana er deretter godkjent av Klima- og miljødepartementet 4. juni 2016.


Plan for eit betre vassmiljø er no godkjent av departement

Regional plan for vassforvaltning for Møre og Romsdal vassregion er no godkjent av Klima- og miljødepartementet.  Planen er ei oppfølging av EUs vassrammedirektiv og set miljømål for kyst, vatn og elver i regionen.

Les meir

Regional plan for vassforvaltning vedtatt i fylkestinget

Regional plan for vassforvaltning i Møre og Romsdal vassregion med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram 2016 vart vedtatt i fylkestinget 8 desember, sak T-82/15. Forvaltningsplana skal deretter sendast til Klima- og miljødepartementet for endeleg godkjenning.

Les meir

Høyring av miljømål i Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok i møte 29. juni å legge miljømål med tilhøyrande delkapittel i Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion og handlingsprogram ut på høyring med høyringsfrist 15.9.2015.

Les meir

Regional plan for vassforvaltning for Møre og Romsdal vassregion er lagt ut til høyring

Regional plan for vassforvaltning for Møre og Romsdal vassregion 2015 -2021 er no lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Forvaltningsplana skal bidra til å styre og samordne vassforvaltninga og arealbruk på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Høyringsfristen er 31.12.2014.

Les meir

Kontaktpersonar

Håkon Slutaas Håkon Slutaas
Rådgivar
71 28 03 52 /
Mob. 975 94 361
Send e-post

Planen sitt formål

Hensikta med forvaltningsplana er å gi ei oversikteleg framstilling av korleis ein ønskjer å forvalte vassmiljøet og vassressursane i vassregionen i eit langsiktig perspektiv.

Handlingsprogram

Politisk behandling

Fylkestinget 8. desember 2016
sak T-82/15

Fylkesutvalet 29. juni 2015
sak U-95/15

Fylkesutvalet 26. mai 2014
sak U-43/14