Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Håkon Slutaas Håkon Slutaas
Rådgivar natur- og vassforvaltning
71 28 03 52 /
Mob. 975 94 361
Send e-post

Dokument

Regional plan for vassforvaltning vedtatt i fylkestinget

Regional plan for vassforvaltning i Møre og Romsdal vassregion med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram 2016 vart vedtatt i fylkestinget 8 desember, sak T-82/15. Forvaltningsplana skal deretter sendast til Klima- og miljødepartementet for endeleg godkjenning.

Regional plan for vassforvalting  2016-2021- omslag

Møre og Romsdal fylkeskommune er vassregionmyndigheit for Vassregion Møre og Romsdal. Det er total 1896 vassførekomstar i regionen. Vassregionen er delt inn i 5 vassområder. Desse er Nordre Nordmøre, Søre Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre.

Vassregion Møre og Romsdal følgjer vasskillet, dermed er delar av Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag og Oppland fylke omfatta av vassregionen. Likeins er mindre delar av Møre og Romsdal fylke omfatta av vassregionane Glomma, Sogn og Fjordane og Trøndelag.

Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion

Planen fastset miljømål for elvar, bekkar, innsjøar, grunnvatn og kystvatn. Den er sektorovergripande og skal bidra til å styre og samordne vassforvaltning og arealbruk på tvers av kommune og fylkesgrenser. Kommunar, regionale organ og statlege etatar er forplikta til å leggje miljømåla til grunn for planlegging og verksemd.

Godkjent regional plan inngår i grunnlaget for sektormyndigheitene si saksbehandling. I sektormyndigheitene si saksbehandling vil det bli gjor ytterlegare avklaringar og konkrete vurderingar av fordelar og ulemper ved deenkelte tiltaka. Her kan det bli lagt vekt på andre omsyn enn dei som er lagt vekt på i planen.

Meir informasjon på nettsida www.vannportalen.no