Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Inger Lise Aarseth Inger Lise Aarseth
Førstekonsulent
71 28 05 04
Send e-post
Annette Elin Koch Annette Elin Koch
Fylkesbiblioteksjef
71 28 05 03 /
Mob. 414 55 913
Send e-post
Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

Dokument

Fagplan_bibliotek_2017-2020_nett
PDF-dokument - 2,49 MB

Fagplan bibliotek 2017 - 2020

I følgje biblioteklova er det Fylkeskommunen sitt ansvar å utvikle biblioteka i regionen.

Fagplanen for bibliotek er eit viktig ledd i utviklingsarbeidet. Den sette søkelys på utfordringar innan struktur og organisering, kompetanse, innhald og tenester, og identifisere satsingsområde i planperioden. 

Planen er eit verktøy for fylkesbiblioteket, og retningsgivande for folkebiblioteka.

Det er viktig å merke seg at denne planen kun inneheld overordna mål. Konkrete tiltak, altså korleis ein vil oppnå desse måla, er å finne i dei rullerande handlingsplanane til kultur.

Fagplanen er forankra i Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020.

Satsingsområda i planperioden

For å nå målet om likeverdige bibliotektilbod for alle i Møre og Romsdal må det eit løft til. Biblioteka må utvikle seg i tråd med forventingar og behov i samfunnet. Dei fire satsingsområda under er utarbeida etter ei vurdering av dagens tenester, samanlikna med krava i loven og ei ønska regional samfunnsutvikling.

I planperioden skal det satsast på:

-  Kunnskap og læring
-  Litteratur og formidling
-  Møteplass og debattarena
-  Organisering og kompetanse