Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Anna-Marie Hatlestad
Rådgivar
71 28 02 11 / Mob. 924 42 568
Send e-post

Dokument

FoI for kommunal sektor

Forskings- og innovasjonsstrategi for kommunal sektor i Møre og Romsdal skal bidra til å auke innovasjonskapasiteten i kommunane og fylkeskommunen. Strategien vart vedtatt i fylkestinget 26. april. i sak T-10/17

Forskings- og innovasjonsstrategien for næringslivet i Møre og Romsdal blei vedtatt av fylkestinget i juni 2016.

Det er eit mål å få til betre samspel mellom offentleg og privat sektor. Dei to FoI-strategiane gir eit bilete av kva utfordringar og moglegheiter vi må prioritere å finne løysingar på. Fylkeskommunen vil gjennom Handlingsprogramma for Fylkesplanen 2017-2020, sørge for ei koordinert oppfølging av strategiane, og slik sjå desse i samanheng.

I lag med kommunane har fylkeskommunen utarbeidd ein forskings- og innovasjonsstrategi for heile den kommunale sektoren i Møre og Romsdal. Den fortel oss noko om kvar vi må rette innsatsen for å utvikle kommunal sektor i Møre og Romsdal.

Både universitet og høgskulane i fylket, helseføretaket, forskingsrådet, fylkesmannen og KS har delteke i arbeidet.