Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post

Dokument

FylkesROS
PDF-dokument - 4,85 MB

FylkesROS Møre og Romsdal

Regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap var ein av planoppgåvene som vart prioritert i Regional planstrategi 2012-2016. I fylkestinget i juni 2015 (sak T-31/15) vart ROS-analysen gitt status som fagmelding. 

FylkesROS Møre og Romsdal er hovudsakleg ein sårbarheitsanalyse med fokus på å avdekke sårbarheiter i samfunnet. Målet er å gje eit bilete av kor godt rusta vi som samfunn er til å takle konsekvensane av uønskte hendingar.

Ei arbeidsgruppe sett saman av tilsette hos både fylkeskommunen og Fylkesmannen har arbeidd med ROS-analysen. Prosjektleiar er tilsett hos Fylkesmannen, som har det faglege ansvaret for utarbeiding av ROS-analysen.

FylkesROS Møre og Romsdal vil også gi innspel til andre etatar/verksemder som skal utarbeide eigne ROS-analysar og beredskapsplanverk, og kan danne grunnlag for prioriteringar i komande regionale planar og handlingsprogram. Fylkesrådmannen legg opp til at ROS-analysen skal følgjast opp i sektorane sine handlingsprogram og verksemdsplanar og i fylkeskommunen sitt sentrale beredskapsplanverk.

Omsynet til samfunnstryggleik og beredskap er tatt inn i Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020.