Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Melding om kystskogbruket 2015

Hovudmål: 
- Verdiskapinga i Kystskogbruket skal firedoblast fram til 2045.

Melding om kystskogbruket tek tak i dei felles, overordna utfordringane for kystfylka og peikar på løysingar i eit samarbeid med næringa og statlege etatar.

Omslag melding om kystskogbruket 2015

Skogen i Møre og Romsdal er i sterk vekst, og i åra framover er det store kvantum som vert hogstmodne. Det er difor viktig å auke hogsten i Møre og Romsdal slik at vi får utnytta desse ressursane før dei går tapt. Samstundes må det stimulerast til nyplanting og skjøtsel slik at ressursane vert fornya for komande generasjonar og samstundes vere eit klimaverktøy ved å binde CO2.

Skogbruket i Møre og Romsdal har stor nytte av å kunne få drahjelp av dei litt større aktørane, til dømes treindustrien i trøndelagsfylka.
Samarbeidet om kystskogbruket gjer det også lettare for Møre og Romsdal fylkeskommune å spele ei rolle som regional utviklar for skogbruksnæringa i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal åleine er ein liten aktør, men kysten samla kan bli ein maktfaktor.

Samarbeid effektiviserer utviklingsarbeidet, og gjer kystskogbruket til ei meir synleg næring overfor sentrale styresmakter.

Les meldinga om Kystskogbruket 2015 her.

Viser til behandling i fylkesutvalet og fylkesting:

U-73/15 (fylkesutvalet)

T-35/15 (fylkestinget)