Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Statistikk og analyser

På denne nettsida finn du statistikk og analyser om Møre og Romsdal.  Statistikken som blir presentert vil setje fokus på sentrale trekk og utfordringar for fylket og kommunane i Møre og Romsdal. 
 
Talmaterialet er innhenta frå offentlege kjelder. 


Statistikk og kart - kommunevise oversikter

Vi har samla relevant informasjon om kvar kommune på ein stad for gjere det enklare å finne fram for publikum, sakshandsamarar og andre som ønsker å vite meir om kommunar i Møre og Romsdal.

Les meir

Fagnettverk for regional analyse arrangerer BATP-seminar

Fylkeskommunane ønskjer å styrke sitt arbeid med eigenproduserte analysar og regionale kunnskapsgrunnlag. I 2018 sette derfor fylkesrådmannskollegiet ned eit arbeidsutval for å etablere eit fagnettverk for statistikk og analyse.

Les meir

Eldre – ein viktig ressurs

Notatet Eldre – ein viktig ressurs er det tredje i rekka av temanotat frå plan- og analyseavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune i 2018. I notatet finn du statistikk om den eldre delen av befolkninga.

Les meir

Den forventa folkeveksten i fylket er halvert

Folkeveksten i fylket fram til 2030 blir bare halvparten av Statistisk sentralbyrå sin førre prognose. Veksten vil sakke av, det blir færre yngre og fleire eldre. Er det ei sanning vi må akseptere eller ei utfordring vi må ta?

Les meir

Samferdselens dilemma: Miljøutsleppa går ned, biltrafikken aukar

Fylkesstatistikk for Møre og Romsdal 2018 byr på fleire dilemma: Klimagassutsleppa går ned, og fleire køyrer elbil og buss. Samstundes aukar personbiltrafikken, og sykketala skuffar. Korleis heng dette i hop – og korleis greier vi å nå viktige klima- og miljømål?

Les meir

Fylkesstatistikken melder om lågare vekst og færre fødslar

Den ferske fylkesstatistikken byr på ei overrasking; det er kvinnene som står for den høgaste nettoinnvandringa. Den generelle tendensen er lågare vekst i folketalet.

Les meir

Flyttestraumanes betydning for Møre og Romsdal, 2007-2016

Folketalsutviklinga i fylket og Noreg ser ut til å være på veg inn i ein ny fase. Frå 2017 til 2018 var folketalsveksten den lågaste på 15 år på landsbasis og på 11 år i Møre og Romsdal. 

Les meir

Kommunestatistikk for 2018 er publisert

Årets utgåve av Kommunestatistikk er no tilgjengeleg. Det er utarbeidd ein PowerPoint presentasjon for kvar kommune der du kan sjå korleis utviklinga er på sentrale samfunnsområde. 

Les meir

Lite fokus på rekruttering av kvinnelige leiarar

I dag er berre 33 prosent av dei som har leiarstillingar i Møre og Romsdal kvinner. Landsgjennomsnittet er 35 prosent. Ser vi på kvinner i næringslivet, er kvinnedelen enno lågare. Kvinnene utgjer berre 15 prosent av dei som er dagelege leiarar i aksjeselskap i Møre og Romsdal og 12 prosent av styreleiarane i aksjeselskap. 

Les meir

Ny statistikk om barn og unge sin situasjon i Møre og Romsdal

Kva skjer med talet på barn og unge i kommunane våre? Korleis er skoletilbodet? Kor mange får skoleskyss? Kva fritidstilbod nyttar barn og ungdom? Kor mange unge representantar er det i kommunestyra? Kor nøgde er unge med nærmiljøet sitt?  Dette er blant spørsmåla du finn svar på i det nye statistikknotatet frå plan- og analyseavdelinga. 

Les meir

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. 996 28 055
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post
Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
71 28 02 45 /
Mob. 986 11 002
Send e-post
Torbjørn Digernes Jakobsen Torbjørn Digernes Jakobsen
Rådgivar
71 28 02 37 /
Mob. 406 49 388
Send e-post
Sigrunn Myklebust Sigrunn Myklebust
Rådgivar
71 28 02 42 /
Mob. 950 65 644
Send e-post
Gry Halvorsen Gry Halvorsen
Rådgivar
71 28 02 65 /
Mob. 404 68 389
Send e-post