Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Statistikk og analyser > Folkehelsestatistikk > Evaluering av Nærmiljøprosjektet i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 28 03 04 /
Mob. 953 38 348
Send e-post

Evaluering av Nærmiljøprosjektet i Møre og Romsdal

Høgskulen i Volda har på oppdrag for Møre og Romsdal fylkeskommune evaluert prosjektet Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø- og lokalsamfunn som fremmer folkehelse (2015-2018), kjend som Nærmiljøprosjektet.

Hovudmålet med Nærmiljøprosjektet har vore å medvirke til gode nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse og styrke arbeidet med oversikt over folkehelsa med meir kvalitativ kunnskap.
Evalueringa viser at Nærmiljøprosjektet har gitt regionalt og lokalt folkehelsearbeid i fylket eit solid løft.

Møre og Romsdal fylkeskommune har delteke i dette nasjonale folkehelseprosjektet saman med kommunane Giske, Ulstein, Sunndal, Volda, Ørsta og Ålesund. Høgskulen i Volda har følgt prosjektet.

Det vil også bli publisert eit eige erfaringshefte for prosjektet i Møre og Romsdal. Nærmiljøprosjektet er omtalt i den nye folkehelsemeldinga Gode liv i eit trygt samfunn, kapitel 5.

Lenke til rapport-nr.94/2019 Høgskulen i Volda. Evaluering av Nærmiljøprosjektet i Møre og Romsdal.