Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 28 03 04 /
Mob. 953 38 348
Send e-post
Sigrunn Myklebust Sigrunn Myklebust
Rådgivar
71 28 02 42 /
Mob. +4795065644
Send e-post

Dokument

Oversikt folkehelsa 2015
PDF-dokument - 10,05 MB

God folkehelse i Møre og Romsdal

For første gong har Møre og Romsdal fylkeskommune laga ei omfattande oversikt over folkehelsa. Oversikta vil vere eit viktig fundament for å følgje med på utviklinga og  for å sette inn tiltak. Rapporten vil og vere viktig for å kunne jobbe langsiktig med å betre helsetilstanden og auke trivselen i befolkninga. 

Dei som bur i fylket er den viktigaste ressursen vi har – derfor er det viktig å følgje med på helsetilstanden i befolkninga og kva for faktorar som påverkar den, seier rådgivar i folkehelse Sigri Spjelkavik.  

Skilnad på levealder
-Folkehelsa i fylket er generelt god og levealderen ligg litt over tala for landet sett under eit, fortel Spjelkavik. På kommunenivå er det ein variasjon i levealder for både kvinner og menn på heile fem år.  -Ser ein på forventa levealder i fylket etter fullført utdanningsnivå, viser den ein levealder på 80,1 år for dei med grunnskole som høgste utdanningsnivå, og på 83,8 år for dei med vidaregåande eller høgare som høgste utdanningsnivå, seier Spjelkavik.   For landet elles er det større forskjellar i levealder knytt til utdanningsnivå enn det er i Møre og Romsdal (78,8 og 83,1 år).

Fokus på førebygging
Fylket ligger betre an enn landet når det gjelder livsstilssjukdommar i vaksenbefolkninga med nokre få unntak. -Undersøkingar i ungdomsbefolkninga gjennom Ungdata syner at ein del ungdommar, og særleg jenter, er plaga med depressive symtom, men også her ligg vi betre an enn landet, fortel Spjelkavik.  -I folkehelsesamanheng er det viktig å ha fokus på tilstandar som har eit vesentleg førebyggingspotensiale og som har relativt stor utbreiing i befolkninga.

Kva påverkar helsa?
Helse vert skapt på mange arenaer i livet. -Tilhøve knytt til samfunnet generelt, sosiale nettverk og individuelle livsfaktorar spelar ein viktig rolle for helsa vår, fortel Spjelkavik.  -Som døme kan eg nemne utdanningsnivå og inntekt, arbeidsmiljø, fysiske omgjevnader, relasjonar til andre i lokalsamfunnet, offentlege tenester og helsevanar, seier ho.

Om rapporten
Oversiktsdokumentet er utarbeidd av fylkeskommunen, med representantar frå Fylkesmannen, Helse Møre og Romsdal og kommunane som bidragsytarar.

Dokumentet består av to delar:
Del I er ein tekstdel som tar opp hovudtrekka i helsetilstanden og faktorar som påverkar helsa
Del II er ei samling av figurar og tabellar

Last ned heile rapporten i menyen til høgre.