Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. +4790746923
Send e-post
Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
71 28 02 45 /
Mob. +4798611002
Send e-post
Sigrunn Myklebust Sigrunn Myklebust
Rådgivar
71 28 02 42 /
Mob. +4795065644
Send e-post

Kommunestatistikk for 2018 er publisert

Årets utgåve av Kommunestatistikk er no tilgjengeleg. Det er utarbeidd ein PowerPoint presentasjon for kvar kommune der du kan sjå korleis utviklinga er på sentrale samfunnsområde. 

logo kommunestatistikk

Dette omfattar mellom anna tema som folketalsutvikling, utdanningsnivå, næringsstruktur og sysselsetting, utdanning, folkehelse og bustadbygging.

Kommunestatistikk er meint som eit supplement til Fylkesstatistikk. Det er åttande året på rad at Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidar ein statistikkpakke særleg retta mot kommunane i fylket.

I år har vi også lagt inn ein autogenerert tekst som beskriv kommunen i korte trekk.

Målet med kommunestatistikken er å formidle oppdatert og relevant statistikk som kommunane kan nytte i sitt plan- og budsjettarbeid.  Statistikkpakken kan også vere nyttig for media, politikarar, studentar og andre som ønsker statistikkar og oppdatert informasjon om dei ulike kommunane i fylket. Kommunestatistikk gir også eigne tilsette kunnskap om kommunane vi møter og samarbeider med.

Statistikken er innhenta frå offentlege kjelder, og då særleg frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Kommunestatistikk for 2018 finn du på: http://mrfylke.no/kommunestatistikk