Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling

Regional- og næringsutvikling

Interessert i by- og tettstadutvikling?

Da bør du ta turen til BYLIVkonferansen i Ulsteinvik 17. og 18. oktober. Her kan du utvide nettverket ditt og få fagleg påfyll.

Les meir

Fylkeskommunen støttar utviklinga av Helseinnovasjonssenteret

Fylkeskommunen løyver inntil 1,5 mill. kroner til Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund og går inn som samarbeidspart saman med andre lokale og regionale aktørar. I august blir det møte med helseministeren. 

Les meir

Færre statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal i 2017

Møre og Romsdal starta i fjor eit prosjekt for å få fleire statlege arbeidsplassar til fylket. Resultatet etter det første året med prosjektet er derimot at det vart 50 færre statlege arbeidsplassar som skuldast reduksjonar i helseforetaket. 

Les meir

-Hjørundfjorden har noko heilt unikt

Fylkeskommunen løyver Destinasjon Ålesund & Sunnmøre inntil 900 000 kroner til utvikling av Hjørundfjorden som reisemål.

Les meir

Fylkeskommunen får 12,5 millionar til smartare transportsystem

Møre og Romsdal er ein av fem fylkeskommunar som har fått pengar til å utvikle eit smartare transportsystem. Det er Samferdselsdepartementet som no gir fylkeskommunen 12,5 mill. kroner til eit prosjekt, som skal auke bruken av sjøvegen til persontransport.

Les meir

Fylkeskommunen støttar Ålesund, Molde og Kristiansund med 23,6 mill. byutviklingskroner

Ungdomshus, bysyklar, vinterbelysning, opprusting av gater og plassar er blant tiltaka som får støtte. 

Les meir

Avspark i Ålesund for stor europeisk gründersatsing

Denne veka kjem deltakarar frå Spania, Belgia, Polen, England, Slovenia og Bulgaria til Ålesund for å gjere det lettare å starte bedrift i Europa. Møre og Romsdal sit i førarsetet.

Les meir

2185 etablerte bedrift i Møre og Romsdal i fjor

Etableringsiveren held seg stabil i fylket. Sjekk tala for din kommune.

Les meir

Det er opna for auksjon av nye akvakulturløyve

Det vert auksjon av nye akvakulturløyve 18. juni 2018, og potensielle bodgjevarar kan no registrere seg. Det er ikkje opna for tildeling av nye løyve i Møre og Romsdal. Tildelinga er avgrensa til produksjonsområde 1 og 7-13.

Les meir

Open dag for næringslivet

Forskningsrådet inviterer, i samarbeid med Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune/Regionalt forskningsfond, til open dag for næringslivet på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund tysdag 5. juni, kl. 10 – 16.

Les meir

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Ass. regional- og næringsjef
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post

Om regional- og næringsavdelinga

Vi arbeider for at Møre og Romsdal skal ha vekstkraftige lokalsamfunn med urbane kvalitetar, og eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv. Det gjer vi ved å legge til rette for nyetableringar og innovasjon i næringslivet. Vi arbeider for gode rammevilkår og støttar kommunane sitt arbeid med nærings- og samfunnsutvikling. Vi styrker innovasjonsmiljøa og fremmer internasjonalt samarbeid. Regional- og næringsavdelinga forvaltar omlag 150 mill. kroner årleg. Av den totale ramma vert det sett av midlar til kommunale næringsfond. Fylkeskommunen nyttar Innovasjon Norge til å forvalte midlar til bedriftsretta satsingar.

Søknad og rapportering regionale utviklingsmidlar

Handlingsprogram kompetanse og verdiskaping 2018

FoI-strategi for Møre og Romsdal

Differensiert arbeidsgivaravgift og distriktspolitisk virkeområde 2014