Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling

Regional- og næringsutvikling

Søker magiske augeblink

Vi gir millionstøtte til prosjekt som byr på opplevingar utanom det vanlege.

Les meir

Mobiliserer i kampen mot marin forsøpling

Nordmøre og Romsdal friluftsråd går grundig til verks i kampen mot marin forsøpling. Førre veke inviterte dei fylkeskommunen, Midsund kommune og lokalt næringsliv til Midsund og til eit «djupdykk i strandsøppel».

Les meir

Korleis får vi rett kompetanse til helse- og omsorgssektoren i Møre og Romsdal?

Samla krefter står bak konferanse om framtidas kompetansebehov den 5. oktober.

Les meir

Kunngjering: auksjon av produksjonskapasitet til akvakultur av matfisk i sjø av laks, aure og regnbogeaure i 2018

Fiskeridirektoratet lyser ut for sal 414 tonn produksjonskapasitet til akvakultur av matfisk i sjø av laks, aure og regnbogeaure. 

Les meir

Fylkeskommunen foreslår 22,3 mill. kroner til breibandstøtte

Folk i kommunane Smøla, Rindal, Ålesund, Stranda, Ørsta og Volda kan glede seg til betre breibandtilbod, dersom forslaget til administrasjonen går gjennom.

Les meir

Profilerer Midt-Noreg på ONS

Sodd og bacalao står på menyen på Midt-Noreg sin populære gatekafé på energimessa ONS. Tysdag var statssekretær i Olje- og energidepartementet Ingvild Smines Tybring-Gjedde også innom for å helse på fylkespolitikarar og smake på godsakene. 

Les meir

Reiseliv og festival – på same «kanal»?

Turistsesongen er på hell. Feriegjestane pakkar saman og vender nasen heimover. Ein festivalsommar er også snart over. Teltpluggar blir nappa ut, bannerar plukka ned. Og mens nokre av arrangørane finreknar på tala, er det andre som allereie lanserer neste års trekkplaster. Festivalar og reiseliv heng tett saman. 

Les meir

Storfint besøk på Nor-Fishing 2018

Både kronprins Håkon Magnus og fiskeriminister Harald Tom Nesvik besøkte Møre og Romsdal sin stand på fiskerimessa Nor-Fishing i Trondhiem denne veka.

Les meir

Interessert i by- og tettstadutvikling?

Da bør du ta turen til BYLIVkonferansen i Ulsteinvik 17. og 18. oktober. Her kan du utvide nettverket ditt og få fagleg påfyll.

Les meir

Fylkeskommunen støttar utviklinga av Helseinnovasjonssenteret

Fylkeskommunen løyver inntil 1,5 mill. kroner til Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund og går inn som samarbeidspart saman med andre lokale og regionale aktørar. I august blir det møte med helseministeren. 

Les meir

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Ass. regional- og næringsjef
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post

Om regional- og næringsavdelinga

Vi arbeider for at Møre og Romsdal skal ha vekstkraftige lokalsamfunn med urbane kvalitetar, og eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv. Det gjer vi ved å legge til rette for nyetableringar og innovasjon i næringslivet. Vi arbeider for gode rammevilkår og støttar kommunane sitt arbeid med nærings- og samfunnsutvikling. Vi styrker innovasjonsmiljøa og fremmer internasjonalt samarbeid. Regional- og næringsavdelinga forvaltar omlag 150 mill. kroner årleg. Av den totale ramma vert det sett av midlar til kommunale næringsfond. Fylkeskommunen nyttar Innovasjon Norge til å forvalte midlar til bedriftsretta satsingar.

Søknad og rapportering regionale utviklingsmidlar

Handlingsprogram kompetanse og verdiskaping 2018

FoI-strategi for Møre og Romsdal

Differensiert arbeidsgivaravgift og distriktspolitisk virkeområde 2014