Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling

Regional- og næringsutvikling

Treng du hjelp til å utvikle ein innovasjonsidé?

Vi inviterer alle kommunar i Møre og Romsdal til arbeidsverkstad der målet er å vidareutvikle kommunane sine eigne idear. Verkstadane blir arrangert i Ålesund, Molde og Kristiansund i perioden 22. - 26. januar 2018. 

Les meir

Ulstein kommune får 2,99 mill.kr. i støtte til opparbeiding av attraktive uterom ved Ulstein arena

Nyleg opna Ulstein Arena med bibliotek, klatrehall, idrettshal og symjehall. No skal også utearealet utanfor bygget utviklast til ein attraktiv og funksjonell møteplass

Les meir

Fylkeskommunen aukar støtta til iKuben

Møre og Romsdal fylkeskommune løyver 4 500 000 kroner til den tverr-industrielle klynga iKuben for perioden 2018 – 2020. iKuben arbeider med tiltak som bidrar til å styrke medlemsbedriftene sin konkurranseevne.

Les meir

Fylkespolitikarane støttar forsking på velferdstenester

Løyver 1 mill. kr til Helseinnovasjonssenteret på Nordmøre.

Les meir

Lær å starte bedrift i Noreg!

Er du innvandrar og har lyst å skape dine eigen arbeidsplass? Meld deg på kurspakka Starte bedrift i Norge i Ålesund som startar 9. januar. 

Les meir

Ørsta får nær ein million til å utvikle Svendsengarden som sentral møteplass

Utvikling av Svendsengarden som byrom kan bidra til meir folkeliv i Ørsta sentrum.

Les meir

Fylkeskommunen støttar sjøkartlegging på Nordre Sunnmøre

Giske kommune får 2 615 000 kroner i støtte frå fylkeskommunen for å utarbeide terrengkart for sjøområda på Nordre Sunnmøre. Prosjektet vil bidra til auka kunnskap om blant anna naturressursane i sjø.

Les meir

Har du meiningar om cruisetrafikken på Vestlandet?

Handlingsplanen for cruisestrategien for vestlandsfylka er no ute på høyring, og du kan seie meininga di fram til 2. januar 2018.

Les meir

Kampen om sjøareala-konferansen trekte fullt hus

Viss vi skal leve av havet i framtida, må vi ha meir kunnskap, og den må vere tilgjengeleg. Det kom tydeleg fram under den nasjonale konferansen Kampen om sjøareala, som gjekk av stabelen i Molde tysdag og onsdag denne veka.

Les meir

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Ass. regional- og næringsjef
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post

Om regional- og næringsavdelinga

Vi arbeider for at Møre og Romsdal skal ha vekstkraftige lokalsamfunn med urbane kvalitetar, og eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv. Det gjer vi ved å legge til rette for nyetableringar og innovasjon i næringslivet. Vi arbeider for gode rammevilkår og støttar kommunane sitt arbeid med nærings- og samfunnsutvikling. Vi styrker innovasjonsmiljøa og fremmer internasjonalt samarbeid. Regional- og næringsavdelinga forvaltar omlag 150 mill. kroner årleg. Av den totale ramma vert det sett av midlar til kommunale næringsfond. Fylkeskommunen nyttar Innovasjon Norge til å forvalte midlar til bedriftsretta satsingar.

Søknad og rapportering regionale utviklingsmidlar

Handlingsprogram kompetanse og verdiskaping 2018

FoI-strategi for Møre og Romsdal

Differensiert arbeidsgivaravgift og distriktspolitisk virkeområde 2014