Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling

Regional- og næringsutvikling

Den internasjonale kommunen - ein ny spennande konferanse for kommunane

Den 5. januar i år arrangerte fylkeskommunen og KS den første årlege konferansen om internasjonalt arbeid i kommunen. Målgruppa for konferansen var rådmenn, ordførarar og andre som jobbar med internasjonale saker i kommunane i fylket.

Les meir

Ønskjer kandidatar til ”ÅRETS REISELIVSPRIS”

Møre og Romsdal Reiseliv inviterer bedrifter, organisasjonar, kommunar, privat personar med fleire til å kome med forslag på aktuelle kandidatar til ”Årets Reiselivspris”.

Les meir

Foreslå din kandidat til "Årets Bedrift 2010"

Kjenner du ei bedrift som fortener utmerkinga ”Årets Bedrift 2010”?
No kan du vere med å foreslå kven som skal få “Fylkesprisen Årets Bedrift 2010” i Møre og Romsdal.

Les meir

AkvaMøre konferansen – ein viktig møteplass

Sist veke arrangerte fylkeskommunen for andre år på rad, konferansen AkvaMøre. Målgruppa for konferansen er havbruksnæring, forvaltning og kommunar i Møre og Romsdal.  

Les meir

KUNNGJERING - INGEN JAKT PÅ STEINKOBBE I MØRE OG ROMSDAL I 2011

Møre og Romsdal fylkeskommune kunngjer at Fiskeridirektoratet har bestemt at det ikkje er tildelt kvote for jakt på steinkobbe i Møre og Romsdal for 2011.

Les meir

Søknad om utfisking, Skjeldbreia i Hustadvassdraget, Fræna kommune

Fræna jeger- og fiskerforening v/ Hans Bjarne Tennøy søkjer om løyve til utfisking av aure i Skjeldbreia, Hustadvassdraget i Fræna kommune.

Les meir

Kultivering av fiskevatn på Emblemfjellet v/ Ålesund jeger- og sportsfiskerforening

Ålesund jeger- og sportsfiskerforening, fiskestellsutvalet v/ Ole-Bjørn Remseth søker om løyve til å kultivere Haugstølsvatnet og Strokevatnet på Emblemsfjellet i Ålesund kommune, med fisk frå Melsvatnet i samme område.

Les meir

Søknad om stamfiskløyve

Vatnevatnet grunneigarlag og Ørsta jeger og fiskerforening v/ Roger Blankholm søkjer om løyve til å ta 40 stamfisk frå Vatnevatnet. Dette arbeidet vert utført av Ørsta jeger og fiskerforeining sine medlemmar, og rogna vert lagt inn i deira klekkeri i Ørsta.

Les meir

Søknad om fisketillatelse i Ledalsvassdraget, Aure kommune

Aqua Kompetanse AS har fått i oppgåve frå Follasmolt AS om å gjere biologiske undersøkingar i Ledalsvassdraget i tilknytning til konsesjonssøknad til NVE.

Les meir

Søknad om forlenga jakttid for elg og hjort

Hjortebestanden i fylket har enkelte stader vakse svært mykje dei siste åra, og det blir stadig fleire plassar rapportert om for store bestandar. Det fører i mange område til vesentleg økonomisk skade på skog og innmark og auka fare for trafikken.

Les meir

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Ass. regional- og næringsjef
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post

Om regional- og næringsavdelinga

Vi arbeider for at Møre og Romsdal skal ha vekstkraftige lokalsamfunn med urbane kvalitetar, og eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv. Det gjer vi ved å legge til rette for nyetableringar og innovasjon i næringslivet. Vi arbeider for gode rammevilkår og støttar kommunane sitt arbeid med nærings- og samfunnsutvikling. Vi styrker innovasjonsmiljøa og fremmer internasjonalt samarbeid. Regional- og næringsavdelinga forvaltar omlag 150 mill. kroner årleg. Av den totale ramma vert det sett av midlar til kommunale næringsfond. Fylkeskommunen nyttar Innovasjon Norge til å forvalte midlar til bedriftsretta satsingar.

Søknad og rapportering regionale utviklingsmidlar

Handlingsprogram kompetanse og verdiskaping 2018

FoI-strategi for Møre og Romsdal

Differensiert arbeidsgivaravgift og distriktspolitisk virkeområde 2014