Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling

Regional- og næringsutvikling

Kartlegging og marknadsføring av Møre og Romsdal som aktivitets- og opplevingsfylke sommaren 2010

Møre og Romsdal som aktivitets- og opplevingsfylke vert tema i neste nummer av fylkesmagasinet SPOR. I samband med dette ønskjer vi å kartlegge flest muleg av dei ulike aktivitetar og opplevingar som vert tilbydd av små og store aktørar i Møre og Romsdal.

Les meir

Utviklingsbygda - pris til det mest aktive bygdesamfunnet i Møre og Romsdal

Fylkestinget vil i juni dele ut ein pris til  det mest aktive og kreative bygdesamfunnet i fylket. - Vi vil heidre det frivillige arbeidet som vert lagt ned for å skape næringsutvikling, busetnad og trivsel på bygdene våre, seier landbruksdirektør Anne Berit Løset, og ber om forslag til kandidatar til Utviklingsbygda 2010. 

Les meir

Erfaringskonferanse Move to MoRe

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til erfaringskonferansen "Med entusiasme skapar vi attraktivitet" onsdag 05. og torsdag 06. mai i Geiranger.

Les meir

Nye oppgåver for fylkeskommunen (vassregionmyndigheit):

Vassregionmyndigheiten har ansvaret for å koordinere arbeidet med å gjennomføre oppgåvene som følgjer av vassdirektivet i jamfør dei kvalitetskrav og tidsfristar som er angitt. Det inneber blant anna å følgje opp dei myndigheiter som har oppgåver i tilknyting til forskrifta, gi rammer og veiledning for planarbeidet, og samanstille dei ulike bidraga  

Les meir

Nye oppgåver for fylkeskommunen:

Utøve myndigheit som har vore delegert til fylkesmannen etter Forskrift av 1. februar 2007 om jakt- og fangsttider o.a. § 3, nr. 1 a, c og d. Dette omfattar myndigheit jamfør jakt på artane elg, hjort, kanadagås og stripegås
·

Les meir

Oppgåver for fylkeskommunen:

* Ivareta omsynet til bestandar av innlandsfisk i sin regionale areal- og transportplanlegging og i forvaltningsplanane for vassdrag (Vassdirektivet)
* Ivareta omsynet til lokale bestandar ved gjennomføring av vassdragstiltak og kultivering av innlandsfisk. Kultivering av innlandsfisk skal skje i tråd med fylkesmannens kultiveringsplanar og Direktoratet for naturforvaltning sine retningslinjer
* Samle inn og levere kvalitetssikra fiske- og biologidata til vassmiljøsystemet

Les meir

KS-konferanse i Brussel 26. – 27. mai

EU påverkar norsk næringsliv og norske kommuner kvar einaste dag. Difor inviterer KS Bedrift verksemder, kommunar og fylkeskommunar til ein ny, stor konferanse i Brussel rett over pinse.

Les meir

20,32 millionar kroner til kommunale- og regionale næringsfond

Nærings- og miljøutvalet vedtok tysdag denne veka, fordeling av 20,32 millionar kroner til kommunale- og regionale næringsfond i Møre og Romsdal.  Årets løyving er i overkant 3,3 millionar kroner meir enn i fjor.
Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler kvart år midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet til regional utvikling.

Les meir

Norsk Fjellfestival tildelt Reiselivsprisen 2010

Stiftinga Norsk Fjellfestival i Rauma er tildelt Reiselivsprisen 2010. Prisen vart delt ut på Reiselivskonferansen i Kristiansund i gårkveld.

Les meir

Seminar for aktivitetsbedrifter

Reiselivsprogrammet inviterer alle aktivitetsleverandører i fylket til miniseminar i Kristiansund.

Les meir

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Ass. regional- og næringsjef
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post

Om regional- og næringsavdelinga

Vi arbeider for at Møre og Romsdal skal ha vekstkraftige lokalsamfunn med urbane kvalitetar, og eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv. Det gjer vi ved å legge til rette for nyetableringar og innovasjon i næringslivet. Vi arbeider for gode rammevilkår og støttar kommunane sitt arbeid med nærings- og samfunnsutvikling. Vi styrker innovasjonsmiljøa og fremmer internasjonalt samarbeid. Regional- og næringsavdelinga forvaltar omlag 150 mill. kroner årleg. Av den totale ramma vert det sett av midlar til kommunale næringsfond. Fylkeskommunen nyttar Innovasjon Norge til å forvalte midlar til bedriftsretta satsingar.

Søknad og rapportering regionale utviklingsmidlar

Handlingsprogram kompetanse og verdiskaping 2018

FoI-strategi for Møre og Romsdal

Differensiert arbeidsgivaravgift og distriktspolitisk virkeområde 2014