Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Forsking, utvikling og innovasjon

Fylkeskommunen arbeider for å auke forskingsbasert innovasjon i privat og offentleg sektor.

I Mobiliseringsprosjektet (MobPro) i FORREGION-programmet, gir vi rettleiing og økonomisk støtte til verksemder som ønsker å komme i gang med forsking, utvikling og innovasjon. Ta kontakt med ein av kompetansemeklarane (sjå under). Dei kan hjelpe med å utforme eit FoU-prosjekt og kople på relevant forskningsmiljø og verkemiddel.

MobPro har eigne midlar til forprosjekt som er retta mot SMB-bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal med liten eller ingen erfaring med forsking og utvikling. Forprosjektet kan få støtte med inntil kr. 200 000 til kjøp av tenester frå eit forskingsmiljø. Forprosjektet må vere knytt til utvikling av «mogleggjerande teknologiar» eller «berekraftig og smarte løysingar», og ha eit tydelig innovasjons- og forskingsinnhald. Forprosjektmidlane kan ikkje bli brukt til skriving av søknadar til andre program eller støtteordningar. Søknadsskjemaet finn du til venstre på denne sida. NB. Ta kontakt med ein kompetansemeklar før du startar søkeprosessen

Møre og Romsdal høyrer til Regionalt forskningsfond Midt-Norge (RFF) saman med Trøndelag. Fondet lyser årleg ut midlar til litt større forskingsprosjekt. Bedrifter, offentlege verksemder og forskingsmiljø kan søke. Verksemda treng ikkje kontakte kompetansemeklar for å søke RFF

Kompetansemeklarar i Møre og Romsdal:

Kontaktperson Institusjon Telefon
Øyvind Herse Møre og Romsdal fylkeskommune 913 64 886
Asgeir Hansen Vindel AS 928 44 288
Finn Amundsen Protomore Kunnskapspark AS 982 45 441
Robert Voldnes  ÅKP - Ålesund Kunnskapspark AS (Søre Sunnmøre kontor Ulsteinvik) 906 58 517
Arne Mehl  ÅKP - Ålesund Kunnskapspark AS (Nordre Sunnmøre kontor Ålesund ) 952 50 120
Bjørn Tafjord Høgskolen i Volda 993 64 801
Ola Jon Mork NTNU Ålesund (maritim) 916 70 577
Grete Hansen Aas NTNU Ålesund (marin) 926 83 378
Rigmor Einang Alnes NTNU Ålesund (helse) 930 83 505
Geir Svenning Høgskolen i Molde 992 706 38
Espen Rød  Møreforsking (logistikk) 71 19 58 08
Gøril Groven Møreforsking (kommune) 413 01 048
Wenche E. Larsen Møreforsking (marin) 917 80 817

 

Kontaktpersonar

Anna-Marie Hatlestad
Rådgivar
71 28 02 11 / Mob. 924 42 568
Send e-post
Øyvind Herse
Rådgivar
71 28 03 56 / Mob. 913 64 886
Send e-post

FoI-strategi for Møre og Romsdal