Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fiskeri og havbruk

Fiskeri og havbruk

Møre og Romsdal fylkeskommune skal saman med dei marine næringane i fylket vere med å identifisere flaskehalsar for innovasjon, vekst, verdiskaping og lønnsemd. Gjennom å kople forsking, forvaltning og næring skal vi vere med å løyse utfordringar i næringa og initiere nye forskings- og innovasjonsprosjekt. 

Kva kan vi tilby? 

  • Informasjon og fagleg rådgiving
  • Rådgiving/sparring-partnar i tidleg fase i forskings- eller utviklingsprosjekt som vil komme dei marine næringane til gode
  • Prosjektleiing og prosjektdeltaking gjennom styringsgrupper, prosjektgrupper og styreverv
  • Fagmøte, seminar, kurs og konferansar
  • Politiske uttaler til høyringar frå departementet og fagdirektorat i saker som er viktige for marine næringar i Møre og Romsdal.
  • Fylkeskommunen er tildelingsmyndighet innan akvakultur jf. akvakulturloven og behandlar søknadar om lokalitet og konsesjon. Les meir om akvakulturforvaltning
  • Fylkeskommunen har fleire oppgåver i forvaltninga av viltlevande marine artar som kystsel, tang og tare og kongekrabbe.
  • Fylkeskommunen behandlar også søknadar om skolekvoter til bruk i fiskeriundervisning 
 Pågåande prosjekt

Makroalgesatsing - eit utviklingsprosjekt for å avdekke potensialet for storskala dyrking av makroalger i Møre og Romsdal og stimulere til ny næringsutvikling. 

Marin samhandlingsarena i Møre og Romsdal. Møteplassar på tvers av sektor og fagområde.

Profilering av sjømatfylket Møre og Romsdal under dei internasjonale messene AquaNor (august 2017) og Nor-Fishing (august 2018). Fellesstand for bedrifter og kommunar. 

Ny prøveordning for norsk lakse- og aureoppdrett for fleksibelutnytting av løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn. Prøveordninga varer fram til 31.12.2019, og oppdrettarar kan søke på ordninga innan 1. september 2017.  


Kunngjering av kapasitetsauke for løyve til akvakultur med matfisk i sjø av laks, aure og regnbogeaure i 2018

Nærings- og fiskeridepartementet fastsette 22. desember 2017 ny forskrift for å tilby vekst for produksjonskapasitet av matfisk i norsk lakse – og aureoppdrett i 2018. 

Les meir

Kontaktpersonar

Birgit Aarønæs Birgit Aarønæs
Leiar marin og naturressurs og internasjonal koordinator
71 28 03 53 /
Mob. 918 86 088
Send e-post
Kristoffer Jenssen
Teamleiar
71 28 04 40 /
Mob. 909 51 392
Send e-post