Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Næringsutvikling > Kunnskapsparkar, næringshagar og inkubatormiljø

Kunnskapsparkar, næringshagar og inkubatormiljø

Møre og Romsdal fylkeskommune er støttespelar og medfinansiørar av kunnskapsparkar, industriinkubatorar og næringshagar i fylket. Målet er å utvikle gode forretningsidèar og forskingsbaserte resultat til næringsverksemd. 

Aktuelle prosjekt og tiltak

Økonomisk støtte til inkubatorane ved kunnskapsparkane ProtoMore (tidlegare Molde Kunnskapspark) og ÅKP (Ålesund Kunnskapspark). Inkubatorane skal hjelpe gründarar og nyetablerte bedrifter i Møre og Romsdal til raskare utvikling og vekst, og å prøve ut nye verktøy for innovasjon.

hoppid.no Vekst er ei treårig satsning for å skape vekst i bedrifter på Nordmøre. Programmet har som mål å rekruttere 10 bedrifter årleg frå alle bransjar. Bedrifter blir rekruttert fra alle kommuner på Nordmøre, og synergi mellom desse blir skapt gjennom møteplassar og nettverk.

 

Avslutta prosjekt og tiltak (utval) 

Nettverkssamling og arbeidsverkstad for innovasjonsmiljøa i fylket, for å styrke gründeraktiviteten. 

Utlysing av midlar til å drive nettverk og møteplassar for alle som driv innafor kreativ næring. Sunnmøre Kulturnæringshage fekk støtte til å arrangere 120 samlingar i heile fylket i perioden 2014 - 2016.

hoppid.no er ei heilskapleg satsing på entreprenørskap, der målet er fleire og betre gründerar. Møre og Romsdal er eit gründerfylke hoppid.no har kontor over heile fylket og tilbyr rådgiving og kurs. Satsinga vart bygt opp gjennom eit fireårig prosjekt og held fram som driftsfase. Les meir om hoppid.no

 

Desse arbeider for innovasjon og nyskaping i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune Pådrivar og koordinator for arbeidet med innovasjon og nyskaping i fylket. Vi støttar kommunar, næringshagar, kunnskapsparkar og bedriftsnettverk. Fylkeskommunen delfinansierer Innovasjon Norge og MobPro. Fylkeskommunen delfinansierer også kunnskapsparkar, næringshagar og inkubatorar saman med Siva.
hoppid.no Eit tilbod til dei som ønskjer å etablere eller vidareutvikle eiga bedrift. Det finst 30 hoppid.no-kontor i Møre og Romsdal. hoppid.no-kontora tilbyr rettleiing, kurs og opplæring. hoppid.no legg også til rette for knoppskyting i næringslivet og for entreprenørskap i skulen. hoppid.no er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Innovasjon Noreg Tilbyr finansiering, rådgiving og ei rekke andre tenester til bedrifter og gründerar. Innovasjon Noreg har kontor i Molde og Ålesund.
Siva bidreg til vekst og nyskaping gjennom å bygge næringseigedom for samlokalisering, medeigarskap i små og store innovasjonsselskap og drive næringshage- og inkubatorprogram.
Kunnskapsparkar, næringshagar og inkubatorar Her får bedriftene tilgang til kompetanse, nettverk, investorar og et faglig og sosialt fellesskap. I Møre og Romsdal finn vi: ÅKP i Ålesund (med node i Ulsteinvik), ProtoMore kunnskapspark i Molde (med node i Rauma og Surnadal), Vindel i Kristiansund, Føniks næringshage i Vestnes og Sunnmøre kulturnæringshage i Volda.
Forskingsrådet Stimulerer til fleire forskingsprosjekt gjennom mange ulike program, mellom anna FORREGION-programmet (MobPro) og BIA (Brukarstyrt innovasjonsarena). 

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Kristoffer Jenssen
Teamleiar
71 28 04 40 /
Mob. 909 51 392
Send e-post