Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Næringsutvikling > Nyheiter > Plasto i Åndalsnes kåra til Floppen som blei toppen

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post

Plasto i Åndalsnes kåra til Floppen som blei toppen

Den tredje Innovasjonsfestivalen i rekka fekk ein pangstart med Den store fellesåpningen og kåringa ‘Floppen som ble toppen’ i går. 

Ass. regional- og næringssjef Ragne Brenne Bjerkeset delte ut Floppen som blei toppen til Plasto, ved Runar Stenerud. Omtale av 'floppen' vart overrekt til Samule West og hans Museum of failure.

Fleire hundre gründerar, gründerspirer og næringslivsfolk frå heile Møre og Romsdal, men mest frå Rauma, deltok på Den store fellestarten på Grand Hotel Bellevue i Åndalsnes. Den første dagen starta med ei rekke kurs og kåringa Floppen som blei floppen.

Innovasjonskultur

Assisterande regional- og næringsjef Ragna Brenne Bjerkeset delte ut prisen til Åndalsnesbedrifta Plasto, for deira mot til å feile og lære.

- Vi ønsker å bidra til å dyrke fram ein god innovasjonskultur med større toleranse for å gå på trynet og feile. Å teste ut, feile, justere og teste ut på nytt, er det som skal til for å utvikle nye løysningar. Vi vil nullfeilskulturen til livs. Plasto er ein verdig vinnar!, seier Bjerkeset.

Plasto satsa eit tosifra millionbeløp på ei handlevogn støypt i plast til å køyre gjennom ein scanner. Men dei fekk aldri innpass i marknaden. Dei satt igjen med en stor og rådyr maskin og måtte tenke nytt. Læringa i denne prosessen dannar mykje av grunnlaget for det bedrifta produserer i dag, komponent til oppdrettsbransjen.

Ballongar og festivalstemning

Dag to er det plenumsmøte med tema om å gå på trynet, med mellom anna Stormberg-gründer Steinar J. Olsen, gründerdirektør Pål T Næss og Samuel West, som står bak museet Museum of Failure.

I tillegg byr festivalen på plenum- og parallellsesjonar om sirkulærøkonomi, big data, trip advisor i reiselivet, nye betalingsløysingar, omstilling og forskingsbasert innovasjon. I tillegg til burgerbonanza, guida fjelltur og innovasjonslunsj, vimplar og ballongar.

Det er Nordveggen AS, utviklingsselskapet i Rauma, som er initiativtakar til festivalen. Med på laget har dei Møre og Romsdal Fylkeskommune, Innovasjon Norge, Protomore, hoppid.no-nettverket i Møre og Romsdal, Visit Nordvest, Sparebanken Møre