Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Reiseliv

Reiseliv

Reiseliv er ei viktig næring i Møre og Romsdal og ei viktig satsing for fylkeskommunen. Vi samarbeider tett med reiselivsnæringa, og våre innsatsområde er på ferie- og fritidsreiser og kurs- og konferanse. 

Kva kan vi tilby? 

  • Informasjon og fagleg rådgiving
  • Rådgiving/sparring-partnar i tidleg fase dersom du har ein idé til eit utviklingsprosjekt som vil komme reiselivsnæringa til gode
  • Rådgiving til planlegging, organisering, innhald og framdrift av utviklingsprosjekt
  • Prosjektleiing og prosjektdeltaking gjennom styringsgrupper, prosjektgrupper og styreverv.
 
Pågåande prosjekt  
Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal 2018-2020
Reiselivsbanner

Møre og Romsdal blir eit stadig meir populært reisemål, og turistane etterspør i større grad det autentiske og "det lille ekstra". Lokale mattradisjonar er ein viktig del av vår kultur, og det å kunne gi tilreisande og lokalbefolkning gode matopplevingar er eit viktig verkemiddel for auka lønsemd i reiselivsnæringane. Dette prosjektet skal bidra til å løfte fram og koble lokal mat til lokale natur- og kulturopplevingar, slik at Møre og Romsdal kan bli Noregs mest attraktive og lønsame reiselivsfylke. For meir informasjon, sjå prosjektnettstaden

Destinasjon Geirangerfjord - Trollstigen

Fylkeskommunen har gitt støtte til eit treårig pilotprosjekt for utvikling av heilårs reiselivsprodukt og reisemål for å møte auken i turist-trafikken.

 

Avslutta prosjekt og tiltak (utval)

Fysiske utbyggingsprosjektet: TrollstigenplatåetGudbrandsjuvet og Fiskebruene på Atlanterhavsvegen. Fylkeskommunen har støtta utbyggingane gjennom regionale utviklingsmidlar. Strekningane Geiranger-Trollstigen og Atlanterhavsvegen har fått status som Nasjonal turistveg og har opplevd ei stor auke i tal besøkande.

Prosjektet "Romsdalseggen" i Rauma vart utpeikt til pilot i Reiselivsprogrammet (2006-2010). Målet med pilotsatsinga var å hjelpe dei utvalde verksemdene til produktutvikling og kompetansebygging. Dei tre pilotane fekk inntil 500.000 kroner per år i to år frå Innovasjon Norge. Dette er Romsdalseggen.

Støtte til stibygging av Romsdalstrappa og Rampestreken og prosjektet fossevandring i Geiranger. Begge har blitt viktige produkt for Møre og Romsdal og Norge som reiselivsdestinasjon. 

Utviklingsprosjektet Øyriket Romsdal, reisemålsutvikling i kommunane Aukra, Midsund og Sandøy. Møre og Romsdal fylkeskommune har vore observatør i styringsgruppa.  

Kontaktpersonar

Lillian  Sæther Lillian Sæther
Rådgivar
71 28 01 23 /
Mob. 952 80 603
Send e-post
Sunniva Hellandsvik  Ødegård Sunniva Hellandsvik Ødegård
Rådgivar
71 28 03 83
Send e-post

Møre og Romsdal Reiseliv

Møre og Romsdal Reiseliv er ein paraplyorganisasjon for dei tre destinasjonsselskapa i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune er også medlem. Det er ingen tilsette i Møre og Romsdal Reiseliv. Møre og Romsdal Reiseliv har eit eige styre som består av representantar frå destinasjonsselskapa, Møre og Romsdal fylkeskommune og NHO.

Turtips i Møre og Romsdal

På nettsida morotur.no finn du eit utval skiturar, sykkelturar, padling og fotturar i Møre og Romsdal. Dette er ein del av kulturavdelinga sin innsats for å legge til rette for miljøvennleg friluftsliv.