Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Jakt og fiske

Jakt og fiske

Møre og Romsdal har ein rik, vakker og variert natur. Fylkeskommunen har ansvar for forvaltninga av haustbare, ikkje-trua viltartar. Vår oppgåve er å sjå til at produktiviteten, mangfaldet og artane sine leveområde blir ivaretatt. Vi har myndigheit til å endre jakttid på enkelte viltartar, samt å tildele midlar frå viltfondet.

Viltfondet

Fylkeskommunen har ansvaret for å forvalte delar av følgjande tilskuddspostar:

  • Tilskot til viltformål, hjortevilttiltak – denne skal dekke tiltak til forvaltning av haustbart, ikkje-trua hjortevilt, dvs. elg, hjort og rådyr. Dette gjeld særleg tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverking til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m.
  • Tilskot til viltformål, lokale vilttiltak o.a. – denne skal dekke lokale tiltak i høve jakt/jaktbare artar av typen jaktkurs, viltfôring og informasjonstiltak jamfør jakt/vilt, samt til forsking lokalt på jaktbare artar.

Innlandsfiske

Forvaltning av fisk i ferskvatn har som mål å både sikre det biologiske mangfaldet og sikre at fiskeressursar vert optimalt utnytta. Ressursen skal komme alle brukargrupper til gode, enten det er fritidsfiskarar, næringsfiskarar, grunneigarar, viteskapleg interesser eller naturopplevingsinteresser. Fylkeskommunen har fått ansvaret for å forvalte dei haustbare, ikkje-trua artane av innlandsfisk, det vil seie dei artane som innlandsfiskeforskrifta § 2 tillèt fiske etter. Det inneber at fylkeskommunen også får ansvaret for å ivareta leveområda til dei same artane i det regionale planarbeidet.

Kontaktpersonar

Håkon Slutaas Håkon Slutaas
Rådgivar natur- og vassforvaltning
71 28 03 52 /
Mob. 975 94 361
Send e-post

Snarvegar