Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Miljøsertifisering

Kvifor vere miljøsertifisert?

Miljøsertifisering er eit godt verktøy for å auke merksemda på og kunnskapen om eigne klimautslepp. Miljøsertifiseringa gjer at ein kan jobbe systematisk med klimatiltak. Miljøsertifisering sett fokus både på HMS og ytre miljøpåverking. Gjennom å sertifisere seg får verksemda eit godkjent system for å handtere og oppfylle gitte krav innan alt frå arbeidsmiljø og innkjøp til energibruk og avfall. Dette medfører fokus på optimal bruk av ressursar. Mange verksemder opplev derfor også at ei miljøsertifisering fører til reduserte kostnader til mellom anna oppvarming, avfallshandtering og transport. Redusert sjukefråver er ein annan fordel som ein ofte får med "på kjøpet".

Gjennom miljøsertifisering blir miljøfokus ein integrert del av drifta. Dette er både eit verktøy for dei tilsette og eit synleg bevis for brukarane/kundane på at verksemda tek miljø på alvor. Fleire og fleire bedrifter merker at miljøsatsing gir eit stadig viktigare konkurransefortrinn, samtidig som det medfører reduserte kostnader.

Miljøsertifisering omfattar miljøleiing og miljømerking.

 

Skilnaden på miljøleiing og miljømerking

Miljøleiing er eit verktøy for verksemder som ønskjer å systematisere sitt miljøarbeid, sette seg mål og dokumentere at ein har nådd desse. Sertifiseringa kan nyttast til å kommunisere eit forpliktande miljøengasjement til kundar og brukarar.

Miljøfyrtårn40

Miljøfyrtårn er for private og offentlege verksemder, særleg små og mellomstore   bedrifter.

Kontakt info:

www.miljofyrtarn.no

Tlf.:  38 00 80 60

    
emas40

EMAS -  Eco-Management and Audit Scheme – er ei frivillig ordning for miljøregistrering av verksemder innan EU. Gjennom EØS-avtalen kan også norske   bedrifter delta i ordninga. Ei EMAS-godkjenning betyr at bedrifta både overhalder og går lenger i sitt miljøarbeid enn det som er lovfesta miljøkrav.

Kontakt info:

http://www.brreg.no/registrene/emas/emas.html

 

    
iso40

NS-EN ISO   14 001:1996

Er ein global standard. Standarden krev ikkje at bedrifta   har gjennomført store miljøtiltak før sertifisering. Minimumskravet er at ein oppfyller krav i lover, forskrifter og eventuelle utslippsløyver.   Utover dette utviklar kvar bedrift seg fra det nivået de er på ved sertifisering.

http://www.iso14000-iso14001-environmental-management.com/iso14001.htm

Miljømerking er verktøy for verksemder som ønskjer å kommunisere eit produkts- eller ei verksemd sine miljøeigenskapar og miljøprestasjon til kundar og brukarar.

 

Dei mest kjende ordningane for miljømerking:

 
svanemerket40
                                                              

Svanemerket er det offisielle nordiske miljømerket.

Kontakt info:

www.svanemerket.no

Tlf.:  24 14 46 00

    
eu blomsten40

EU-Blomsten er den offisielle europeiske miljømerkeordninga.

EUs forordning om miljømerking er en   del av EØS-avtalen.

Kontakt info:

www.svanemerket.no

Tlf.:  24 14 46 00

 

energimerking40

 

    

Energimerking for hushaldningsapparat -EU pålegg samtlige produsentar av hushaldningsapparatar å merke   sine produkt med energi- og ressursforbruk. Forhandlarane har ansvaret for å   merke utstillingsvarer i butikken. Merket omfattar m.a. vaskemaskiner,   kjøleskap, frysarar og  kombinasjonar av desse. Merket viser m.a. relativt energiforbruk samanlikna   med andre varemerke, årleg energiforbruk og lydnivå.

EU’s energiforbruksmerke gjeld også i   Norge.

Kontakt info:

http://www.enova.no

Tlf.:  80 04 90 03

 

grønt punkt40

 

    

Grønt Punkt Norge AS sikrar og administrerer finansiering av   returordningane for plast-, metall-, og glassemballasje, emballasjekartong,   drikkekartong og bølgepapp. I tillegg drifter Grønt Punkt Norge AS innsamling   og gjenvinning av plastemballasje, emballasjekartong og drikkekartong på   vegne av Plastretur AS og Norsk Returkartong AS.

Kontakt info:

http://www.grontpunkt.no

Tlf:  22 12 55 00

 

Miljøsertifisering for ulike bransjar

Alle verksemder skal sertifiserast etter relevante bransjekrav og minst eitt bransjespesifikt krav.

Bransjekrava til dei ulike verksemdene finn du her: http://www.miljofyrtarn.no/index.php/hvaermiljofyrtarn/bransjekrav