Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Vassforvaltning

Møre og Romsdal har mykje vatn (i alt 1906 vassførekomstar) frå den minste fjellbekk til store vassdrag, vakre fjordar og langstrakt kyst. 

Fylkeskommunen behandlar søknader om flytting, utfisking og utsetting av ferskvassfisk i vatn og anadrome vassdrag. 

Møre og Romsdal fylkeskommune er vassregionmyndigheit og har ansvar for oppfølging av den norske vassforskrifta. Vi er ansvarleg for plan- og prosessarbeidet i Vassregion Møre og Romsdal, og for å følge opp tiltaksprogrammet (2016-2021).

Vassregion Møre og Romsdal kart

Kart over Møre og Romsdal vassregion

Vassregion Møre og Romsdal 

I Noreg er det i alt elleve vassregionar. Vassregion Møre og Romsdal følger i hovudsak fylkesgrensene, men dekker også vesentlege areal i Sør-Trøndelag og Oppland, og eit mindre areal i Sogn og Fjordane. Vassregionen vår er delt inn i fem område: Nordre Nordmøre, Søre Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre. Regionen er prega av fjordlandskap. Vassdraga er korte med raskt fall frå fjell til sjø. Dei strøste vassdraga er Driva, Rauma, Surna og Eira/Aura.  

Kva er godt vassmiljø?

Eit godt vassmiljø er med på å gjere stader meir attraktive for busetting, rekreasjon, friluftsliv, næring og turisme. Målet med vassforvaltninga er "god økologisk tilstand" og "god kjemisk tilstand" i alt vatn. Alt som lever i og av vatn skal kunne bevare livsgrunnlaget sitt, og økosystemet skal vere i balanse.

For meir informasjon og deltaking i arbeidet for eit betre vassmiljø i Møre og Romsdal, sjå dei regionale sidene til vannportalen.no

Les også regional plan for vassforvaltning i Vassregion Møre og Romsdal 2016-2021 og tiltaksprogram for same periode. 

Kontaktpersonar

Håkon Slutaas Håkon Slutaas
Rådgivar natur- og vassforvaltning
71 28 03 52 /
Mob. 975 94 361
Send e-post
Pernille Eriksdatter Giske Pernille Eriksdatter Giske
Rådgivar vassforvaltning
71 28 02 59 /
Mob. 980 71 171
Send e-post
Arne Håkon Sandnes Arne Håkon Sandnes
Prosjektleder Klima og miljø
71 28 03 50 /
Mob. 408 72 123
Send e-post